Program-møte 7. juni

Program-nemnda er i full gang med programmet til kommunevalet og vil gjerne ha innspel.
7. juni er det program-møte der alle listekandidatane og øvrige Venstre-medlemmer er invitert til å legge siste hand på innhaldet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

V-logo med dekor

Foto: Venstre

Program-nemda vil veldig gjerne ha innspel til Ål Venstre sitt program for neste kommunestyre-periode. Alle har lov til å seie si meining, både medlemmer, sympatisørar og øvrige innbyggarar i Ål, og det kan vera i form av konkrete forslag til punkt i programmet – eller ris eller ros. Program-nemnda består av Sissel Urke, John Storhaug og Torleif T. Dalseide. Du kan ta direkte kontakt med ein av dei, eller bruke menyvalet “Innspel til programmet”.
Program-møtet er 7. juni kl. 19.00 i Hatlehiet, Ål kulturhus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**