Aksjon Jærvassdrag (AJV) har bedt myndigheitene om å avklara kva som er lov å selja og nytta av denne type planter som ikkje høyrer heime i norsk natur. Det er viktig at informasjon kjem ut til dei som sel og nyttar slike plantar.
Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har laga ein rapport som syner at vasspesten forureinar fleire vassdrag på Jæren. I Bjorvatnet er det for fyrste gong funne Smal Vasspest i Norge. AJV ønskjer strakstiltak for å hindra spreiing og er redd for at Bjorvatnet kan gro heilt att. Difor vil dei mellom anna ha skilting som gir informasjon om faren for spreiing.
Me arbeider no med å få kartlagt kor utbreidt vasspesten er på Jæren, sier Jon Arne Silgjerd til Jærbladet. Problemet er at vasspesten visnar om våre, men kjem tilbake for fullt frå og med juni og utover hausten, seier han. Det er difor litt vanskeleg å sjå omfanget no.