Hjelmeland Venstre
Årsmøteprotokoll 2006
Frammøte: Paul, Johan, Sigmund, Torill, Anna, Liv Jorunn, Terje Ove, Anne-Grethe og Arne
Stad: Spinneriet
Tid: 7. mars kl. 19.30 22.00
Det var først nominasjonsmøte.
Lista for 2007 vart utdelt og kommentert av Sigmund. Semje om å kommulera dei 2 første kandidatane. Sigmund vart føreslått til første plass på lista. Han har erfaring både som leiar i laget og som vararepresentant i m.a. kommunestyret i inneverande valperiode. Vald med akklamasjon.
På den andre plassen vart Johan Mjølhus føreslått. Me treng unge folk i kommunestyret og har ein flott kandidat her. Vald med akklamasjon. Resten av lista vert sett opp alfabetisk. Styret fekk fullmakt til å eventuelt setje fleire opp på lista fram til innleveringsfristen 31.3. 07. Sigmund administrerer innlevering og formalitetar rundt dette. Takk til dei som har gjort ein god jobb med kandidatar!
——-pause med mykje godt attåt .og drøs om så mykje———-
ÅRSMØTE FOR 2006
Sak 1: Godkjenning av innkalling. Godkjent
Sak 2: Val av møteleiar og referent. Sigmund møteleiar og Arne referent
Sak 3: Årsmeldinga for 2006 vart lesen opp og kommentert/utfylt etter kvart av dei ulike representantane som Venstre har i denne perioden. God dialog på årsmøtet, Venstre har ei lita gruppe, men dei som kan, møter godt opp når dei har høve til det. Torill har vore flink til å kalle inn via SMS. Årsmeldinga godkjent.
Sak 4: Rekneskapen 2006. Venstre har på konto pr 31.12.2007 kr. 22.015,11, noko som er ein svært mykje betre situasjon enn føre valet i 2003. Rekneskapen godkjent
Sak 5: Budsjett for 2007: Det vert sett opp:
Valprogram: 7000
Porto 3000
Tlf leiar 1000
Tlf gr.leiar 500
Sum. 11 500
Styret får fullmakt til å gå ut over budsjettet viss situasjonen tilseier det. Budsjett 2007 godkjent.
Sak 5: Val: Sigmund attvald som leiar for 1 år. Terje Ove attvald som styremedlem for 2 år. Jan Skaar nytt styremedlem vald for 2 år. Johan Mjølhus og Torill W. Sandanger vararepresentantar vald for 1 år. Alle vald ved akklamasjon:
Takk til Karen Åsland for styreverv i 2 år.
Arne/skrivar