Årsmelding for Hjelmeland Venstre

Her finn du Hjelmeland Venstre si årsmelding for 2006

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


2006 var tredje året i denne valperioden. Korleis kvardagen for arbeidet i kommunestyret, arealplannemda, formannskapet og i gruppemøta har vore vil me ta opp til orientering/debatt på årsmøtet.

I kommunestyret har me Liv Jorunn og Torill, samt Jan og Sigmund på varaplassar. Vidare er Torill fast medlem i formannskapet og Liv Jorunn fast medlem i arealplannemda. Me er også relativt sett, godt representert i ulike utval og nemder.

Viktige saker i valprogrammet har blitt profilert i perioden, som f.eks i budsjettsamanhang og syn på arealdisponering. Rådmannen sitt budsjettforslag var til å leve med, i alle fall sett i høve til den svartmalinga enkelte andre parti representerer. Torill har i budsjettsamanhang m.a. hatt fokus på foreldrebetaling i barnehage og SFO. Låge satsar her må vera god familie —og distriktspolitikk. Elles rår "blårussen" i politikken i Hjelmeland, ikkje minst merkar me det i arealplannemda der V og SV(og adminsitrasjonen) svært ofte kjem i mindretal. For fleirtalet skal "alt" vera fritt fram enten sakene gjeld utbygging i sjønære område eller frådelingssaker.

Økonomien er relativt sett bra, men me skal inn i eit valår, og veit av erfaring at det medfører kostnader til valprogram og diverse utsendingar av materiell.. Venstre har framleis få medlemmer, i underkant av 20. Styret har diskutert ulike tiltak for å auke medlemstalet, men lite gjort så langt. Årsmøtet må vurdere eventuelle tiltak med tanke på at 2007 er eit valår, som f.eks medlemsverving, valbrev til førstegongsveljerane og ikkje minst strategi for valkampen.

Styret har hatt 5 nominasjonsmøte/styremøte i 2006. Det er god kjemi i styremøta noko som fører til gode diskusjonar om politikk, organisering og ulike tiltak.

Styret har i 2006 vore:
Sigmund Hagen leiar
Anne Grete Gautun styremedlem
Terje Ove Breiland styremedlem/kasserar*
Karen Åsland styremedlem*
Arne E. Sandanger styremedlem/skrivar
Liv Jorunn Bjerga*
Torill W. Sandanger varamedlem.*

* på val
Gruppemøta er på kommunehuset, no i kommunestyresalen. Me prøver å få til ei god “turnusordning” slik at flest mogleg møter på gruppemøta for å få til god handsaming/diskusjon av sakene som skal opp i dei ulike møta. Venstre må heller ikkje vera framand for å reise eigne saker, eksv interpellasjon! Styret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**