I møtet vil det bl.a bli orientert om Hovedsykkelplan, som vil fortelle om hvordan det tenkes tilrettelagt for sykling i Sandefjord i årene framover. Viktige spørsmål i denne forbindelse er bl.a hvilke løsninger det skal legges til rette for i ulike områder.
Det blir også orientering om prosjektets arbeid med kysningspunkter i sentrum, sykkelkart 2007, informasjon / kampanje og sykling mot enveiskjøring. Etter innledningene blir det anledning til debatt.
NRK-journalist Linda Eide kommer og sier selv om foredraget:
«VM i stille sitjing (i motsetnad til stille lengde og stille høgde er det ikkje ein eksplosiv idrett, men likevel den øvinga som har eksplodert mest dei siste åra.)
Ironisk og entusiastisk foredrag om Noreg sin ambisjon om å verta den mest stille sitjande nasjonen i verda. Foredraget syner korleis me har eliminert aktivitet ved dei fleste daglegdagse gjeremål som, grasklipping, snømåking, skru av og på våre maskiner osb. (t.d var fjernkontrollens inntog på 70-talet ein like viktig utstyrsrevolusjon for stille sitjing, som glasfiberskia var det for langrenn på 70-talet)
Det syner også korleis me etterkvart har eleminert all fysisk aktivitet ved transportering av oss sjølve og dette er hovudårsaka til at me heile tida knappar inn på forspranget til USA. Me er blitt ein bilnasjon.
Men det er trugande skyer for Noreg sitt mål om å vinna VM i stille sitjing. Det største trugsmålet mot stille sitjing er definitivt sykling. Sykling er så effektiv og i byane ofte bilen overlegen. Så den dagen nordmenn gjenoppdagar sykkelen (me var jo eit syklande folkeferd heilt fram til 70-talet) den dagen raknar heile stille sitjings prosjektet.
For å hindra at nordmenn oppdagar og tek til å bruka sykkelen blir mykje gjort. Eg syner diverse dømer (sanne) på strukturell tilrettelegging for bil og strukturell motarbeiding av sykling.
For å hindra sykling lagar ein t.d. minimalt med plass til sykkelen. Ein seier at det ikkje er plass. Eller ein lagar noko som ein kallar for gang- og sykkelveg, eit typisk norsk fenomen som let folk tru at det å sykla har noko med det å gå å gjera. (reint transportmessig liknar bilkjøyring meir på å gå, sidan det i t.d. rusjtida går like sakte å kjøyra bil som å gå).
Den viktigaste strategien for å få folk til å ikkje sykla, er å plassera sykkelen saman med gåande, gjerne på eit fortau. Slik skapar ein konfliktar mellom gåande og syklande og tempoet til syklisten går ned, og bilen får meir plass. Osb osb.
mao: Eg syner korleis sykkelen vert motarbeida (ikkje nødvendigvis av vond vilje, men pga tankeløyse og minimal forståing) medan bilen vert framheva. «
I Sandefjord Venstre er vi opptatt av at det etableres framkommelige og sikre løsninger for syklister – mer sykkeltrafikk er viktig både for folks helse og for miljøet. Sandefjord Venstre har avgitt uttalelse til reguleringsplan for ny gang/sykkelvei på Framnes. Vi ønsker at det skal lages sykkelbaner i stedet for gang/sykkelvei, fordi dette gir økt sikkerhet og bedre framkommelighet for syklister. Les mer om høringsuttalelsen her.