Kommunen må bruka si marknadsmakt

Ragnar Skjølingstad frå Karmøy Venstre reiste i kommunestyret i kveld ein førespurnad til ordføraren om kommunen ville gjennom si marknadsmakt ta grep for å redusera miljøutslepp etter kommunale innkjøp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


FN sitt klimapanel har gjennom tre delrapportar gjort kjent hovudkonklusjonane:
Ein kan ikkje lenger sjå bort frå at klimaendringa er menneskeskapt. Tiltak for å motverka klimaendringar med alvorlege konsekvensar må koma raskt. Løysingane på denne utfordringa kjem ikkje utan kostnad og kostnaden blir større dersom ein ikkje er villig til å ta raske grep.
Så mykje som 15 % av klimagassutslepp her i landet kan ein stansa ved lokale tiltak i den einskilde kommune og fylkeskommune.
Karmøy kommune kan ta klimaansvar utan å venta på utforming av nasjonale mål og tiltak.

Karmøy kan, som stor innkjøpar av varer og tenester, vera pådrivar for eit klimavenleg
innkjøpsmønster. Ved alltid å gå etter dei mest klimavenlege løysingane kan kommunen vera ein rollemodell for både vanlege innbyggjarar og for næringslivet.
Fokus på gode miljøløysingar kan ein fremja t.d. ved forslagsordning frå tilsette i kommunen.

Eksempelvis bør kommunen kjøpa/leiga miljøvenlege bilar når det er aktuelt med utskifting.
I bilparken kommunen driv i dag bør ein bruka miljøvenleg drivstoff så snart marknaden kan tilby dette, evt.ved å inngå avtale om kjøp med stasjonar som kan levera dette produktet.
Ved å nytta rolla som storforbrukar vil kommunen kunna bidra til at slike produkt blir tilgjengeleg også for andre.

Transport er ansvarleg for ein stor del av klimagassutslepp her i landet. Biodrivstoff med utgangspunkt i jordbruks/skogbruksprodukt vil redusera utslepp av klimagassar frå fossile kjelder.
Vanleg diesel tilsett 5 % miljødiesel vil gi 5 % mindre utslepp av klimagassar.
Alle dieselbilar kan bruka ei slik blanding.
Nye bilar som kan nytta ei blanding av 85 % etanol og 15 % bensin (E85) er under utvikling.

Menneskeskapte klimaendringar er trugande og me må gjera det me kan for å motverke ei utvikling som ingen kan definere seg ut av, anten ein er rikspolitikar, lokalpolitikar, næringslivsaktør eller vanleg borgar.
Karmøy Venstre meiner kommunen raskt bør ta grep for å yta sitt bidrag til å stansa klimaendringane og foreslår:

1. Ordføraren ser til at kommunen ved innkjøp av varer og tenester
vel dei mest miljøvenlege/klimavenlege løysingane.
Kommunen skal, for å stimulera til nyskaping, spørja etter klimavenlege løysingar også på område der det for tida ikkje er tilbod om dette i marknaden.

2. Karmøy kommune skal, så snart det let seg gjera, kjøpe drivstoff til kommunal bilpark frå lokal forhandlar som kan levera biodrivstoff.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**