Finnøy Venstre med to på kandidatsamling

Finnøy Venstre sine to listetoppar var med på samlinga Rogaland Venstre arrangerte i Stavanger helga 27. og 28. april. Samlinga var eit opplegg for kandidatar på kommunevalslister og fylkestingslista. Heidi Skifjell og Tarald Lauvsnes representerte Finnøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

Tarald Lauvsnes

Foto: Tore Nilsen

Heidi Skifjell

Foto: Tore Nilsen

Gjennom to aktive dagar blei kandidatane skolert både politisk og organisatorisk. Rogaland Venstre sin stortingsrepresentant, Gunnar Kvassheim, innleia om aktuell miljøpolitikk med hovudvekt på lokalt engasjement. Klimapolitikken var eit aktuelt tema.

Odd Einar Dørum hadde komme fra Oslo for å orientera om Venstre sin skulepolitikk. Han viste til at Venstre på landsmøtet vedtok eit nytt skolepolitisk manifest. Hovudtrekka i manifestet er eit sterkt ønske om å ta politisk ansvar for skulen. Difor må det satsast på å styrke lærerane sin kompetanse, då dei er nøkkelen til ein betre skule.

Samlinga inneheldt og gruppearbeid og regional nettverksbygging. Finnøy sine kandidater arbeida samen med representantar for andre lokallag i Ryfylke for å finne fram til felles utfordringar og løysingar på aktuelle problemstillingar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**