Kommuneval-program 2007-2010
Sosialt Ansvar
Miljø
Skule
Kultur
Småbedrifter
VENSTRE VIL VERE
Raus, ærleg, engasjert, ansvarleg, framtidsglad og tolerant.
Vi vil arbeide for at desse verdiane også pregar Gol kommune sine tenester,
administrativ leiarstil og politisk sakshandsaming.
——————————————————————————————————-
Sosialt Ansvar meir til dei som treng det mest
Venstre vil at kommunen skal sikre alle retten til eit verdig liv:
– God omsorg for eldre og funksjonshemma.
– Bustader for vanskelegstilte.
– Styrke førebyggjande helsearbeid.
Miljø Gol som ein positiv nyskapande grøn kommune
Venstre vil tenkje globalt men handle lokalt.
Venstre vil ta miljøomsyn i alle spørsmål, både naturmiljø og oppvekstmiljø.
– Sikre urørt natur for komande slekter.
– Leggje til rette for miljøvennleg energibruk og energikjelder ved
rehabilitering og nybygg.
– “Miljørekneskap” for Gol: Sette fokus på kommunal energibruk,
gjenvinning og CO2-utslepp.
– Arbeide for å skape bevisste haldningar til ressursbruk og
naturmiljø.
– Fokus på frivillig vern
Skule og barnehage skape eit godt lærings- og oppvekstmiljø
Skulen og barnehagen skal skape identitet og tilknyting til Gol-samfunnet.
Venstre vil:
– Sikre eit godt pedagogisk tilbod i barnehagane og plass til alle.
– La lærarane få tilbake råderetten over eiga arbeidstid Gi
lærarane tillit
– Ha skulebygg som stimulerer til aktiv læring.
– Stimulere og legge til rette for utviking av kvalitet og identitet på
den einskilde skule.
– Arbeide for tilstrekkeleg øyremerka ekskursjonsmidlar.
– Gje Folkeuniversitetet gode vilkår for vidare drift og utvikling
– Utvikle Gol vaksenopplæring til eit vaksenpedagogisk senter.
Kultur Eit levande kulturliv gjer Gol kommune god å bu i
Kulturen er limet i samfunnet. Kultur skapar møteplassar og samhald.
Venstre vil
– Ha ei utvikling av Hallingmo som kultur- og skulesenter med
gode tilhøve for idrett, teater og kino.
– Vidareutvikle kulturskulen og leggje til rette for eit mangfaldig
kulturliv i kommunen
– Utvikle og støtte kulturelle tiltak på tvers av kommunegrensene
– Aktivt støtte frå Gol kommune til frivillige lag og organisasjonar
Venstre ser frivillig lagsarbeid som grunnfjellet i bygdekulturen.
– Tidsmessig bibliotek
Småbedrifter eit levande næringsliv er grunnlag for gode offentlege tenester.
Det skal vere attraktivt å etablere ny verksemd i Gol.
Venstre vil
– Ha rask og løysingsorientert sakshandsaming i tråd med lover og
forskrifter og god kommunal service til nyetablerarar
– At kommunen skal kunne gje råd og rettleiing om lokale planar og
vilkår for næringsutvikling.
– La landbruket få vilkår slik at det kan leve godt og vidareutviklast
som næring.
– At kommunen skal samarbeide aktivt med reiselivsbedriftene og det
øvrige næringslivet i Gol for å styrke eksisterande bedrifter og
støtte nye idear som kan styrke Gol som reisemål.