Liberal Democrats i skotsk regjering?

Det var valg i Skottland 3. mai, både til kommunestyre, regionale forsamlingar og the Scottish Parliament. Vårt søsterparti Liberal Democrats fekk 16 parlamentsmedlemer, ein tilbakegong på eitt mandat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Labour gjekk tilbake og fekk 46 mandat, dei konservative fekk 17, også det litt tilbake. Den store taparen var Dei grøne, som gjekk tilbake frå 7 til 2 mandat. Det skotske nasjonalistpartiet SNP gjekk kraftig fram og har nå 47 av dei 129 mandata. For å få fleirtal må SNP samarbeide med minst to parti. SNP-leiar Alex Salmond seier til skotske media at han gjerne vil ha med Liberal Democrats (16) og Dei grøne (2), slik at han får tilsaman dei magiske 65 mandat, altså fleirtal på eitt einaste mandat. Dei konservative og den eine uavhengige har varsla at dei ikkje vil inn i samarbeid. Alternativet for SNP er ei mindretalsregjering. Les meir på heimesida til søsterpartiet vårt: http://www.scotlibdems.org.uk eller på valsidene til The Herald, www.theherald.co.uk, sjå under Election 2007 og Holyrood results. Holyrood er det skotske parlamentsbygget, nederst i den vidgjetne gata Royal Mile frå Edinburgh Castle og ned gjennom gamlebyen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**