Om Gunnar Lande, ei Venstrekjempe frå Bygland

Gunnar Lande, født 1897, var frå Bygland. Han var onkel til Åsulv Lande som nå står på felleslista. Jan Kløvstad, som var stortingskandidat for Venstre i Aust-Agder i 2005. Han arbeidde saman med Gunnar Lande i fleire valkampar på 1970-talet, og har skrive denne artikkelen om Lande i ei nyleg utkome bok om Agder folkehøgskule, der Gunnar Lande arbeidde frå 1924 til 1964.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Oppmuntring, livsmot og livsglød

Han la fingeren bak øyret, lytta godt og så sa han kven som spelte og kva dei spelte. Eg var 19 år, han bortimot 80. Det var folkemusikkhalvtimen i radio, og Gunnar Lande stogga opp i arbeidet. Sjølv kalla han det ikkje arbeid heller. Han var sekretær i styret i Vest-Agder Venstre, men meinte han var såpass gamal og hadde såpass dårleg hjarte at eg skulle gjere grovarbeidet. Det var valkamp det handla om, og første gongen eg fekk gleda av å vere saman med han var noen hektiske månader ettersommaren 1975, like før fylkestingsvalet og kommunevalet den hausten. Vi hadde eit kontor midt i Kristiansand. Eg sov i ei jernseng i eit bakrom, Gunnar Lande kom i ein rød bil frå Søgne kvar morgon. Gunnar Lande fortalte og ga råd, sørga for at eg blei godt mottatt rundt om i Venstrelaga, forsøkte å gi meg ei viss politisk grunnopplæring. Han snakka om sosial-liberalisme, det tragiske brotet på Røros etter EF-kampen i 1972, han snakka pent om Bent Røiseland. Han sendte meg på valmøte så eg kunne få høyre den gamle kjempa, og han var utruleg raus og romsleg mot ein ungdom som meg. Eg lytta, – og lærte. Ein dag såg han på klokka, sa kva dag det var og at han rekna med at Jens Haugland og tømmarmålaren og kåsøren O.S. Moi var i byen. — Gå bort på Mållaget og få deg noe mat. Ved eit bord der sit Jens og OSM og fortel soger til kvarandre. Dei snakkar høgt nettopp for at andre skal få høyre, så du treng ikkje gøyme deg, sa han. Eg hadde fleire gode stunder på Mållaget. Først eit stykke unna Jens Haugland og OSM, så ved same bord som dei.

Men når det var folkemusikk i radioen hadde vi pause på Venstres fylkeskontor.

Gunnar Lande var folkehøgskolestyrar, han var ungdomslagsmenneske, Venstrepolitikar, målmann, lokalhistorikar, forfattar, ein igangsetjar, felespelar og kappleikdommar. Han var talar, ein av dei store. Han var setesdøl, son til ein stortingsmann og født så tidleg (1897) at han møtte både Jørgen Løvland og Gunnar Knudsen fleire gonger. Far hans var lærar, bonde og stortingsmann. Gunnar Lande var heidersmedlem i Norges Unge Venstre og ein kjær gjest på sommarleirar i Unge Venstre. Og først og fremst var han grundtvigianar, folkehøgskolemenneske, med arbeidsdag på Agder folkehøgskole i 40 år frå 1924 til 1964. Han var det sosiologar kallar motkulturell, i aller beste forstand.

Tenkte best på sofaen?
– Han var god til å delegere, fortel ein tidlegare elev, som også var lærar noen år. — Han delegerte, og stolte på at arbeidet blei gjort. Han la seg ikkje borti detaljar. Vi hadde litt moro av at han meinte han tenkte best når han låg på sofaen. Vi andre meinte nå han tenkte godt når han stod oppreist også. Og laurdagskveldane var han på plass, med stemma si, med songen og godt humør. Laurdag etter laurdag. Ingen som noen gong har høyrt den klare stemma til Gunnar Lande vil noen gong gløyme han. Og alle som har hatt han som lærar hugsar han gjennom heile livet. Han var den same mot alle, hadde lett for å smile og le. Han var ein gild lærar og eit godt menneske på alle vis.

Folkehøgskolen var langt meir enn ein skole for Gunnar Lande. "Folkehøgskolen skal byggast på ein visjon, og det er det enkelte mennesket og den enkelte lærar som fyller skolen med innhald", skreiv han. Noen av dei gamle folkehøgskolestyrarane var lokale, noen også nasjonale åndshovdingar. Noen av dei var kanskje vel autoritære. I ei skisse til ei bok eller eit hefte om Agder folkehøgskole skreiv Gunnar Lande at mange folkehøgskoleleiarar i mellomkrigstida hadde utvikla ein slags "diktator"-tendens, og talte om "min skole" og "din skole", utan særleg tanke på at det også var andre enn styraren sjølv som fylte skolen med innhald. "Dette systemet låg ikkje for meg", skreiv Lande. Han var demokrat, rettesnora hans til lærarane var ofte "Løft augo opp over fagleg idioti", "kast heile Stabæklærdomen overbord" — og bli deg sjølv. Å vere seg sjølv, og mest å vekse til å bli seg sjølv, var sentralt i Gunnar Landes menneskesyn. Ungdommen skulle utvikle seg. "Det har vært en glede å arbeide med så mye staut og gild ungdom, sa han. Ungdommen kan være vill av seg, det hører de unge til, men så sant en forstår dem og får dem oppglødd, er det utrolig hva de evner når de legger godviljen til. Til dette kan vi vel tilføye at Gunnar Lande hadde en sjelden evne til å arbeide blant ungdommen. Han var ingen smålig, sur eller negativ rektor, men en som kunne gi oppmuntring, livsmot og livsglød. Det er ikke ofte å høre en skolemann få så gode attester av elevene sine som nettopp Gunnar Lande. det var jo noe Bjørnsonsk over han skikkelse, en traust og trygg og vennesæl mann, kontaktskapende, kunstnerisk anlagt. en åndskjempe var han til det siste", skreiv Johs. Seland i ein minneartikkel i Fædrelandsvennen.

"På kveldsfesten tala høgskulestyrar Gunnar Lande"
Gunnar L ande skreiv lengre historiske utgreiingar om Venstrerørsla i Vest-Agder, om folkemusikken på Agder og særleg jubileumsboka om Setesdal Spelemannslag. Han skreiv 75-årshistoria om Vest-Agder ungdomslag i 1968, og han var godt i gang også med historia om folkehøgskolen på Agder. Han var sjølv med på å skape historia han skreiv om. Talande i så måte er boka hans om ungdomslaga i Vest-Agder. Han skriv om korleis han som ung lærar i Vennesla i 1917 møtte pioneren Askjell Røskeland, ein av stiftarane av Vest-Agder ungdomslag i 1893. Røskeland var også sentral i folkehøgskolen — og i Venstre. Frå 1917 til boka kom ut i 1968 er det litt over 50 år: "Frå den tida har eg vore med på dei fleste årsmøte og stemner i Vest-Agder ungdomslag fram til i dag." Ikkje berre det, i årsmeldingane er han stadig nemnt som innleiar til debatt og samtale, stemnetalar, som forslagstillar for å støtte folkehøgskolen, som styremedlem og varamedlem i mange periodar frå 1928, som fylkesleiar noen år først på 1930-talet, i harde debattar på 1930-talet med Anders Lange som håpa ungdomslaga var god beitemark for Fedrelandslaget. Men Gunnar Lande valsa opp med Anders Lange som få andre klarte det. Fedrelandslaget forsøkte i lovene sine "å få arbeiderpartiernes program og utøvelsen av dette retslig belyst og erklært ulovlig efter Norges grundlov og straffelov." Lange forsøkte å kuppe fleire ungdomslag, men Gunnar Lande slo tilbake mot dei udemokratiske haldningane frå Anders Lange. Aftenposten refererte frå årsmøtet i Vest-Agder ungdomslag i 1931: "Formanden (Gunnar Lande) beskyldte Fædrelandslagets folk for at slå med vingene som haner, så formelig vingespidsene strøk takveggene, og de blev øre fra luftdraget av sitt eget vingesus." Og konklusjonen på fylkesårsmøtet i ungdomslaga var at "Striden enda med at styret fekk fullt tillitsvotum."

Heilt fram til 1980-talet er ein vanleg setning i årsmeldingane frå Vest-Agder ungdomslag: "På kveldsfesten tala høgskolestyrar Gunnar Lande."

Den unge gamle Venstremannen
Lande var aktiv i Venstre frå tidleg ungdom til han døde. Han var fylkesleiar i nesten ti år like etter andre verdskrigen, han var fylkesstyremedlem i fleire tiår. Han var skrivar og talar, inspirator og organisator.

"Heia! Giv akt! Gud bevare Kongen og Fedrelandet! — og Venstre!" skreiv den 79 år gamle Gunnar Lande 28. april 1976. Han kunne fortelje at han hadde fått styret i Vest-Agder fylkesvenstrelag til å løyve 1000 kr så han kunne reise rundt i fylket saman med Unge Venstre for å skipe fleire Unge Venstrelag: "I Søgne hadde vi kalla inn til møte for skiping av U.V. Gamle og unge møtte — ca. 40 i alt. Og laget blei skipa med 15-16 innmeldte i U.V. — Finn Folkvord stråla — og strålar. Mye ligg latent. Men det må settast fyrstikkfres bort i lunta." "Dei unge prøvde å ynge meg oppatt med å hedre meg med æresmedlemskap. Og det var hyggeleg. Men men "

Arild Rygnestad skreiv minneord i Aftenposten: "Gunnar Lande var ein folketalar av rang. Han var klårsynt, og heilt til det siste var han ung til sinns og fylgde med i samfunns- og kulturliv. Gunnar Lande var eit mildt og godt menneske." Johs. Seland skreiv om første gongen han møtte Gunnar Lande: "Han stod i sin unge manndoms fulle brage da jeg føste gang opplevde ham på talerstolen. det var under et festmøte i Lista Venstrelag i slutten av 1930-årene. Han glitret som et fyrverkeri, han fullstendig tryllebandt forsamlingen, jeg ser ennå for meg lensmann Olaf Strays henførte blikk mens han satt og slukte hver håndbevegelse og hvert ord som falt fra Gunnar landes munn. "De verden for en kveik det er i den karen", sa Stray etterpå, – "jeg føler meg helt oppglødd!"

Tonene etter Gunnar Lande
På Setesdalsstemnene var Gunnar Lande på plass. Han talte ofte, og mest lytta han, småsnakka med folk, koste seg i sommarvarmen med solide bukseseler over kvit skjorte. Han dyrka setesdalsdialektane i språk og musikk. Vinteren 2005 fekk spelemannen og folkemusikkprofessoren Vidar Lande spelemannsprisen for "Sordølen", om musikk frå den siste rettargongen i Setesdal og fram til i dag. I det innhaldsrike tekstheftet som følgjer med, er det to bilde av grunnleggaren av og historieskrivaren for Setesdal Spelemannslag, Gunnar Lande. I tekstheftet står det om Frøyrakssordølen at "Det er denne slåtten som i dag til vanleg blir kalla "Sordølen" Eg spelar her Torjus Oddens versjon, slik eg lærde den av farbror min, Gunnar Lande."

Det var ikkje utan grunn at vi hadde pause på Venstrekontoret når det var folkemusikk i radioen.

Kjelder: Samtalar med folkehøgskoleelevane Terje Noddeland, Knut Lauvrud, Gjerulf Noddeland, Gunnlaug Tveito Danielsen, Leif Hoven i Vest-Agder Venstre, Gunnar Lande: Vest-Agder Ungdomslag gjennom 75 år (1968), fleire notat av Gunnar Lande om Venstrerørsla i Vest-Agder, minneord i Aftenposten ved Arild Rygnestad og i Fædrelandsvennen ved Johs. Seland, og mest samtalar og brevveksling mellom Gunnar Lande og artikkelforfattaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**