Ordføraren tek klimagrep

Ål kommune skal lage ein lokal klimaplan. Det har formannskapet bestemt, etter initiativ frå ordførar Torleif T. Dalseide (V).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Administrasjonen i Ål kommune starta for nokre år sidan arbeidet med ein miljøplan. Av ulike grunnar stoppa arbeidet opp, og planen vart liggjande i ein skuff. Men no ynskjer Venstre-ordføraren Torleif T. Dalseide å sette fornya fokus på miljøet og å få problemstillinga opp på den kommunale dagsorden. Planen skal presentere fakta om lokale klimautslepp. Effektane av utsleppa skal undersøkjast, og ein vil prøve å finne tiltak for å bøte på desse.
Kommunen vil begynne arbeidet til hausten. Klimaplanen skal vera ferdig i løpet av fyrste halvdelen av 2008.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**