Takk for 60-grensa ved Dalen

I vinter bad Arendal Venstre om at Vegvesenet straks skilta om vegen mellom E-18 ved Dalen og krysset på Tveite i Austre Moland til 60 km/t, og eller helst 50. Nå er skilta på plass og det er ei langt tryggare 60-grense. Tusen takk til Vegvesenet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Nå er det, som Vegvesenet også har peika på, fleire oppgåver å løyse på same strekninga. Det handlar om mellom anna om trygg skoleveg med gang- og sykkelveg frå Tveiterød til E-18. Dette veit vi både Nesheim skole, Nærmiljøutvalet i Austre Moland og andre gode krefter arbeider med, og vi håpar å sjå gode løysingar også på dette med det første.

Men i dag ein takk til Vegvesenet for dei nye og trygge 60-skilta fordi Dalen barnehage og Dalen misjonshus.

Beste helsing
Arendal Venstre

Jan Kløvstad
leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**