Fengselet i Haugesund er nær 100 år gamalt og talet på soningsplassar har vore uforandra gjennom lang tid. Talet på soningsplassar er på landsbasis nær 4 gonger større pr. innbyggar enn på Haugalandet når det gjeld fengsel med høgt sikkerhetsnivå.
Dette gjer at det blir bundne opp store personalressurser til fangetransport, for eksempel ved varetektsfengsling når det ikkje er plass lokalt.
Dette gjer at politiet har mindre ressurser til m.a. førebyggjande tiltak mot vold og annan kriminalitet.
Soning langt frå heimstaden har og ulemper for den innsette som kjem langt bort frå familie og andre som kan gi støtte og motivasjon i rehabiliteringsarbeidet, som er målsetting for all soning.
Med dagens rammevilkår er det lokalt ofte vanskelig å driva målretta rehabilitering over lang tid sjøl om dei tilsette gjer ein god jobb.
For familien, og kanskje spesielt då for familiar med små barn, er det vanskelig å halda god kontakt gjennom lang tid når avstanden til soningsplassen er lang.
Dette er eit problem både for familien og for rehabiliteringsprosessen.
Fengselsituasjonen i regionen er under evaluering. I samband med dette bor Karmøy med andre Haugalandskommunar gi klare signal om dei behov distriktet har.
Både alder på bygningsmasse og og låg kapasitet ved Haugesund fengsel tilseier at distriktet bør få et nytt, moderne fengsel til beste for både innsette og tilsette. I siste instans til beste for heile Haugalandet ved at politiressurser som i dag går til vakthad ved transport vil kunne nyttast til andre politioppgåver.
Ragnar Skjølingstad fremma dermed følgande oversendelsesforslag til formannskapet:
"Karmøy kommune innleiar eit sammarbeid med nabokommunane for å reisa et nytt, moderne fengsel i distriktet. Dette må gjerast ved kontakt mot sentrale myndigheter med tanke på å oppnå prioritet i dei planar som fengselsvesenet nå arbeider med.
Samtidig bør ein starta prosessen med å fina fram til lokaliteter som kan eigna seg for nytt fengsel på Haugalandet."
Forslaget ble oversendt formannskapet uten realitetsvotering.