-Dette er ein stor seier for alle ungdommar, seier Janne Sørum, leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre. Ein 16-åring må betale skatt av arbeidsinntekta og kan setjast i fengsel ved lovbrot, men han/ho kan ikkje velje dei politikarane som fastset skatte- og straffenivået i dette landet. Dette går no Venstre inn for å endre.
Ved å gje stemmerett til 16- åringar, vil ungdommen få mykje større moglegheit til å påverke, og delta der avgjerdslene vert tekne. I tillegg vil dette kunne vera med på å auke valgdeltakinga, noko som vert svært viktig i tida framover, avsluttar Sørum.
For meir info: Janne Sørum 97 07 47 79