Drøye tre timar før start ønsker Mangerøy delegatane velkommen til Venstre sitt landsmøte. Ho har i eit resolusjonsforslag bede om tilslutning til at u-båtvraket utanfor Fedje skal hevast dersom miljøtrugsmålet skal fjernast. Landsmøtet startar behandlingen av resolusjonane lørdag.
– Vraket, som inneheldt mengder med giftig kvikksølv, trugar havmiljø og fiskeri. I tillegg skapar det stor uro og bekymring for innbyggjarar langs heile vestlandskysten. Den einaste måten å fjerna miljøtrugsmålet heilt og skapa ro og tryggleik i området, er at ubåtvraket vert heva og fjerna, seier Sølvi Mangerøy
Ho meiner det fins kompetase til å heva vraket på ein miljømessig forsvarleg måte. Det som manglar er politisk vilje hjå regjeringa.