Aktiv Buskerud-delegasjon på landsmøtet i Bergen

Venstre er samla til Landsmøte i Bergen helga. Under den generelle politiske debatten fredag, etter Lars Sponheim si tale, markerte Buskerd-delegasjonen seg sterkt. Delegasjonsleiar og leiar i Buskerud venstre Hallvor Lilleslett tok opp ulike sider ved miljø og energipolitikken. Han gav si fulle støtte til Lars Sponheim si utsegn om at vi må redusere talet på feriereiser med fly.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

Landsmøtet i Bergen

Foto: Christoffer Biong

Helge Stiksrud tok opp vilkåra for gründere og sjølvstendig næringsdrivande med omsyn til trygderettar og sosiale ordningar. Ordningane må likestillast med det som gjeld for lønnsmottakarar. Kultur og opplevingar er næringsverksemd i vekst og er for viktig til å overlatast berre det offentlege. Her er det rom for nytenking, sa Stiksrud.

Torleif Dalseide tok opp behovet for ytterlegare satsing på samferdsel, både veg og bane, ikkje minst opprusting av riksveg 7.

Stine B Osnes tok for seg innvandring og sosialt ansvar og behovet for å finpusse ein sosialliberal ideologi i eit stadig meir lukka og kontrollert samfunn.

1. kandidat Runolv Stegane deltek ikkje som delegat, men han er i høgste grad til stades i Landsmøte som organisasjonssjef i Venstre. Han seier fylgjande i ein kommentar til Landsmøtet så langt:- Dette er det beste landmøtet eg har vore med på. Venstre er meir samla enn på lenge og er godt rusta framfor valet til hausten. Eg har godt håp om at Venstre skal gjere eit historisk val. I Buskerud er det eit realistisk mål å doble oppslutninga, seier 1.kandidat Runolv Stegane.

Landsmøtet samlar meir enn 150 delegater, gjester og observatørar, og er det største på mange år. Presseoppbodet er større enn nokon gong. Det er eit parti som struttar av energi og pågangsmot, ikkje minst etter at listestillingsarbeidet i alle fylka har gitt god utteljing.

På bildet Buskeruddelegatar og listetoppar til fylkestinget samla til landsmøtelg i Bergen:

f.v. Runolv Stegane, Sigdal (1. kandidat), Hallvor Lilleslett, Gol, fylkesleiar, Torleif Dalseide, Ål (4.kandidat), Nina E Johnsen, Lier (2.kandidat), Helge Stiksrud, Ringerike (3. kandidat). Mary Sandal Johansen, Røyken, Ole K Throndsen, Kongsberg og Stine B Osnes, Drammen, var ikkje til stades då bilete vart teke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**