Gunnar Kvassheim og Anne Margrethe Larsen til Aust-Agder

Stortingsrepresentantane Gunnar Kvassheim, leiar av Stortingets miljø- og energikomite, og Vest-Agders Anne Margrethe Larsen (utanrikskomiten) gjestar Aust-Agder torsdag 19. april.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

Anne Margrethe Larsen

Foto: Rune Kongsro

På programmet står mellom anna besøk på Havforskingsinstituttet i Flødevigen og i Tvedestrand kommune der dei to vil få presentert pionerprosjektet “Tvedestrandsprosjektet” med kartlegging av biologisk mangfold i sjø.

Gunnar Kvassheim

Foto: Rune Kongsro

Flødevigen og Tvedestrand kommune fekk Aust-Agder Venstres miljøpris i 2005 for Tvedestrandsprosjektet, og nå er stadig fleire kommunar kysten rundt igang med liknande kartlegging etter mønster frå Flødevigen/Tvedestrand, dei fleste stadar etter Venstreinitiativ.

Kontaktperson for besøket i fylkesleiar Line Øvernes Mørch.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**