Fellesliste i Bygland

Venstre og Høgre i Bygland stiller fellesliste til kommunevalet i

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

Nominasjonsmøtet i Bygland Venstre og Høgre samla mykje folk.

Foto: Venstre

Det var godt frammøte på felles nominasjonsmøte 28. mars. Her er medlemer i Bygland Venstre og Bygland Høgre saman med utsendingar frå Arendal Venstre som gjesta møtet.

På eit godt besøkt nominasjonsmøte på Solvik Kafe 28. mars vedtok Venstre og Høgre å stille fellesliste ved valet. Olav Neset frå Høgre stiller som toppkandidat på ei liste der kvart av partia har to kumulerte, og så er det Venstre som dominerer vidare nedover på lista. Bakgrunnen for felleslista er at mange i Bygland har ønskt både å stille Venstreliste på ny, og det er sterke ønskje om å få ein meir åpen og framtidsretta politikk i kommunen. Mange har ei klar kjensle av at for mykje blir avgjort i lukka rom, og det er på tide med ei demokratisering av lokalpolitikken i Bygland.

Dei to partia vurderer også å lage eit heilt eller delvist felles program, og først og fremst er dette eit listeteknisk samarbeid for å gi byglendingar ei solid framtidsretta liste å stemme på.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**