Krav om ny handsaming av sak om bompengefinansiering av RV 55 Fatlaberget
Viser til kommunestyret sitt møte 22. mars der ordføraren nytta seg av retten til å avvise realitetshandsaming av bompengefinansieringa av Fatlaberget ut frå formelle grunnar.
Viser vidare til fylkesordføraren sitt svar til fylkestingsmedlem Rolf Nesheim der han klargjorde at eit eventuelt initiativ til å få vurdert spørsmålet på nytt må kome frå kommunane som initiativtakarar til bompengeprosjektet.
På bakgrunn av dette ber Venstre, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti om at ordføraren kallar inn til ekstramøte for å handsame denne saka. Etter lova skal eit slikt krav handsamast innan 7 dagar. Sidan det no stundar mot påske, og kommunestyret allereie er invitert til informasjonsmøte 16. april vedkomande kraftlinja Fardal-Ørskog vil vi gjere framlegg om at ny handsaming av saka om bompengefinansiering også skjer 16. april.
Vi står fast på at framdriftsplanen for Fatlaberget må haldast. Siktemålet med handsaminga er å få kommunestyret, seinare fylkestinget og regjeringa si vurdering av om ikkje den nye situasjonen 5 vekers stenging av Fatlaberget har synleggjort, også må få konsekvensar for finansieringa. I lys av hendingane i vinter, og forventningar om framtidige klimatiske endringar, er det etter vår oppfatning heilt urimeleg at ein skal halde fast på bompengefinansiering av strekninga.
Leikanger 29.03.07
Venstre Høgre Sosialistisk Venstreparti Kristeleg Folkeparti