Både Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og store delar av Arbeidarpartiet vil nå ha eit lov-forbud mot sal av seksuelle teneste. Venstre fryktar at eit lovforbod vil forverra situasjonen for dei prostituerte.
Menneskehandel og trafficking er i dag straffbart. Det er også straffbart å kjøpe sex av personar under 18 år, og å fremje andre sin prostitusjon (hallikparagrafen).
Politiet har forsterka sin innsats mot dette, og ved hjelp av godt politisamarbeid med andre land har ein avdekka internasjonale forgreiningar av menneskehandelen også i Noreg. Vi må fortsetje med innsatsen for å finne og straffeforfølgje dei som står bak og tener på kynisk sex-handel. Justisminister Storberget fortener ros for å ha forsterka tidlegare justisminister frå Venstre, Odd Einar Dørum sin innsats på dette området. Venstre håper no at statsråd Storberget står fast på sitt syn om at kriminalisering av sex-kjøp ikkje løyser noko som helst.
SP, SV og deler av Ap si enkle løysing på prostitusjon er at dei vil forby han. Bruk av forbod og påbod er noko venstresida har lang tradisjon for, men det har vist seg å ikkje alltid vere like effektivt. Venstre vil heller ta i bruk sosialpolitiske virkemidlar framfor dei reint strafferettslege.
Vi må forhindre at kvinner er til sals, men vi løyser ikkje sosiale problem gjennom Straffelova. Vi må i staden sørgje for ein betre rusomsorg og gi dei prostituerte oppfølging og utdanning slik at dei kan livnære seg gjennom vanleg arbeid. Slik vil færre prostituere seg.
I Sverige er det forbode å kjøpe seksuelle tenester. I Nederland er bordellverksemd legalisert. Ei førebels gjennomgang av lov og praksis rundt prostitusjon i desse to landa viste at det ikkje fins enkle løysningar på dei utfordringar som handel med seksuelle teneste inneber. Skjult prostitusjon førekjem i båe landa.
Den nederlandske løysinga er uaktuell i Noreg. Frå Sverige har vi klåre indikasjonar på at kriminalisering rammar ulikt og at lova har ført til at prostituerte nå er i ein meir utsett og sårbar situasjon. I følgje evalueringa var berre to av 91 anmeldte retta mot innandørsmarknaden (2005-tal). Desse to var henlagt. Eit lovforbod gjer det vanskelegare å bevisføre sexkjøp, og det fører til at dei prostituerte har få om ingen som beskyttar seg. Det er dessutan prinsipielt uheldig å innføre eit straffebod som er vanskeleg å handheve, slik at straffa blir eit tomt trugsmål.
Å kriminalisere kjøp av seksuelle teneste bidrar til at volden i prostitusjonsmiljøa aukar og at ein blir tvungen til å selje seksuelle tenester andre stadar enn i det offentlege rom Mesteparten av prostitusjonen i Noreg skjer og på innandørsmarknaden, og det vert vanskeleg å handheve eit lovforbod mot kjøp av sex. Det vil dessutan auke hallikane si makt over kvinnene og gjere politiet sitt arbeid vanskelegre når det gjeld å verne kvinnene mot vold og overgrep.
Venstre vil ikkje ramme dei som allereie er i ein sårbar situasjon eller utelukkande handtere problem som er synlege på gata. Vi legg avgjerande vekt på at kriminaliseringa synes å ramme dei svakaste prostituerte hardast. Venstre set omsynet til dei prostituerte og deira tryggleik fyrst. Dei fortener å bli møtt med reelle valmoglegheiter, aktiv oppfølging og realistiske virkemidlar, ikkje misforstått solidaritet, sosial renovasjon og sosialistisk symbolpolitikk