Ein siger for miljøet og demokratiet

I kommunestyret 20. mars fekk Venstre delvis medhald i forslag til ny renovasjonsforskrift, og samrøystes fleirtal for framlegget om å oppretthalde talet på røystekrinsar. — Ein siger for miljøet og for demokratiet, meiner Venstre si kommunestyregruppe.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Renovasjonsforskrifta:
Venstre meinte at forskrifta også må innehalde noko om kva som er kommunen sine plikter i det miljøarbeidet som renovasjon er. Vi sette difor fram eit framlegg til nytt punkt i forskrifta:
"Skodje kommune pliktar å transportere restavfallet til eit forbrenningsanlegg i fylket der forbrenningsenergien kan nyttast til varmeproduksjon. Andre avfallssorteringar skal fraktast til gjenvinningsanlegg".
Venstre meiner at kommunen må love innbyggjarane sine at dei ikkje skal sende avfallet ut på unødig lange transportar, sjølv om det kan vere billigare enn å levere avfallet innanfor fylkesgrensene. Vi meiner også at det er ein viktig miljøgevinst når avfallet kan nyttast til varmeproduksjon, slik det vert gjort på Grautneset i dag. Anna avfall som papir og metall ser vi kanskje må fraktast lenger for å kunne attvinnast.
Venstre ynskjer at kommunen set i gang innsamlingsordning for plast, og hadde også dette med i framlegget sitt.
I administrasjonen sitt framlegg til nye retningsliner for avfallsinnsamling heiter det at Skodje kommune skal gå over til plastdunkar, slik dei har gjort det i mellom anna Ålesund og Haram. Venstre ser at dette er både miljøvennleg og praktisk for mange, men vi ynskjer at innbyggjarane skal ha fridom til sjølv å velje. Difor foreslo vi også å endre retningslinene, slik at dei som ynskjer det kan få levere bosset sitt i plastsekkar som no, utan å måtte grunngi dette nærare.
Forslaga vart ikkje tekne opp til votering, men ordføraren foreslo å utsetje saka slik at desse forslaga kan utgreiast nærare av administrasjonen. Dette tolkar vi i alle høve som ein halv siger for miljøet.

Røystekrinsar:
Kommunestyret var inviterte til å seie om dei meinte at vi burde ha færre røystekrinsar i kommunen. I formannskapet sette Venstre fram framlegg om å halde talet på krinsar uendra. Vi trur ikkje det vil vere lettare å auke valdeltakinga om veljarane må reise langt for å gjere borgarplikta si. Dette vart samrøystes vedteke i kommunestyret.
Ved kommunevalet til hausten skal det difor røystast i desse krinsane:
Glomset, Valle, Skodje, Mørkeset, Brusdal, Stette, Engesetdal.

Styrevervregister:
Venstre hadde i formannskapet gått inn for at Skodje kommune ikkje skulle opprette styrevervregister, sidan vi meinte dette hadde liten verdi så lenge det er frivillig, og at det såleis ville vere bortkasta å bruke offentlege ressursar på å halde ved like eit slikt register. I kommunestyret forsikra varaordføraren om at det ikkje skulle krevje noko innsats frå kommunalt tilsette å halde dette registeret oppdatert. Dette saman med argumentet frå Modolf Hareide (Sp) om at pressa nok vil syte for at dei som ikkje registerer seg vert stilte til veggs, gjorde at vi slutta oss til framlegget om å vere med på å opprette eit slikt register for folkevalde i Skodje kommune.

Valstyre:
Formannskapet hadde foreslått å velje seg sjølv til valstyre. Venstre meiner at demokrati også betyr å spreie avgjerdene på fleire personar, og foreslo difor å endre lista slik at dei som formannskapet hadde foreslått til vararepresentantar vart valde til valstyret, og formannskapsmedlemmene til vararepresentantar. Framlegget fekk ei røyst.

Barnehagevedtekter:
Det vart vedteke nye vedtekter for barnehagane, hovudsakleg for å tilpasse dei til den nye politiske røyndomen, der til dømes sivilutvalet ikkje lenger finst. Vi foreslo å utvide normalopningstida til 07.15-16.30. Rådmannen opplyste om at opningstidene no er opp til styrarane for barnehagane å vurdere, og at det ikkje bør vere praktiske problem med å opne barnehagen eit kvarter tidlegare dersom det er eit ynskje frå foreldra. Etter denne opplysninga valde vi å trekkje framlegget, men oppmodar foreldre som treng utvida opningstid om seie tydeleg frå om dette til barnehagen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**