Regjeringsbløff om fullfinansiering

Regjeringa hevdar at dei betaler kostnadane med å byggje nye barnehagar, men dei klarer ikkje å dokumentere det. Det uroar Alvdal Venstre at regjeringa ikkje har kunnskap om korleis barnehagesektoren og kommunale tenester er finansierte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


På SV sine nettsider den 7. mars hevdar kunnskapsminister Øystein Djupedal fylgjande om regjeringa sitt mål om full barnehagedekning innan 2007: ’Det skal ikke stå på penger for å nå målet. Regjeringen fullfinansierer hele reformen og kommunene bygger som aldri før’.

Forrige veke spurde underskrivne kunnskapsdepartementet om korleis statsråden kan hevde at barnehageutbygginga er fullfinansiert av regjeringa. Kunnskapsministeren svarar at barnehagesektoren er finansiert av foreldre, kommunane sine frie inntekter, staten sine skjønsmidlar og staten sitt direkte investeringstilskott. Den 7. mars seier kunnskapsdepartementet i eit skriv til alle kommunar at skjønsmidlane til barnehagar ’i sin helhet skal nyttes til drift av barnehager’. Derfor er det statlege investeringstilskottet det einaste regjeringa bidrar med når det gjeld utbygging av barnehagar. Brevet frå statsråden fins tilgjengeleg på Alvdal Venstre sine nye nettsider: www.venstre.no/hedmark/alvdal.

Dersom ein er heldig, kan dette tilskottet dekke 10% av kostnadane, men ofte vert det absolutt ingenting! I Alvdal vedtok kommunestyret i fjor å byggje ei ny avdeling til barn under tre år. Då vil ein i utgangspunktet kunne søkje om 450 000 kroner i statstøtte. Men så skal momskompensasjonen trekkjast ifrå dette investeringstilskottet. Budsjettet til å byggje ut i Alvdal var på 3,5 millionar. Det betyr at momskompensasjonen vil bli over 800 000. Sidan momskompensasjonen er høgre enn investeringstilskottet, vert det ingenting att! Det vil seie at staten ikkje vil bidra med 50 øre når Øwretun skal byggjast ut.

Karita Bekkemellem hevdar i Aftenposten den 10 mars 2007 at barnehageutbygginga er fullfinansiert: ’ og derfor har den rød-grønne-regjeringen satt av penger til å bygge nok barnehager’. På SV sitt landsmøtet hevdar finansministeren den 22 mars at: “Det står ikke på penger. Over statsbudsjettet stiller vi opp med øremerkede midler.”
I Alvdal kommune, der regjeringspartia har fleirtal, manglar det pengar til å bygge ut nok barnehagar.

Kvar er pengane det vert snakka så mykje om? Kanskje vil regjeringa hevde at kommunane sine frie inntekter har auka, og at det er desse pengane som skal finansiere barnehageutbygginga. Kostnadane aukar i dei fleste sektorar og alt kan ikkje brukast på barnehage. Dersom ein krev at utbyggingskostnadane skal takast frå kommunen sine frie inntekter, så vil det også seie at regjeringa ikkje lenger godtek at kommunane skal få nytte sine inntekter fritt.

Alvdal Venstre

Thor Arve Vartdal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**