Utilstrekkeleg breibandtilbod – ope brev til formannskapet

Balestrand Venstre ser det som eit rettferdskrav at alle innbyggjarane i kommunen skal ha mogelegheiter for breibandtilkobling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Balestrand Venstre
v/Råmund Nyhammer
Gunnargarden 8
6899 Balestrand

Formannskapet
v/ ordførar
6899 Balestrand

Vedkjem utilstrekkeleg breibandtilbod.

I februar 2007 avslutta Sogn Breiband arbeidet med oppgradering av sentralane på Thorsnes, Nessane og Kvamsøy. Det viser seg at ein del husstandar trass denne oppgraderinga ikkje har fullverdig breibandtilbod, eller er totalt avskorne frå å nytte seg av dette tilbodet.

I formannskapsmøtet 6. mars tok Venstre sin representant, Britt Grimelid Menes, opp dette problemet. Konklusjonen i møtet vart at administrasjonen skulle følgje opp saka, noko som også går fram av referatet frå møtet. I kommunestyremøtet 14. mars, under merknad til saklista, minna vår representant, Britt Grimelid Menes, om at det skulle føreliggje ei nærare orientering vdr. utviklinga i breibandsaka. Balestrand Venstre takkar rådmannen for hans vilje, trass manglande førebuing, til å informere om saka. Vi er svært skuffa og beklagar sterkt at ordføraren sette ein stoppar for rådmannen si utgreiing.

Balestrand Venstre ser det som eit rettferdskrav at alle innbyggjarane i kommunen skal ha mogelegheiter for breibandtilkobling. Vi ber derfor med dette om at kommunen straks startar ei kartlegging av kva husstandar som ikkje har breibandtilbod, startar arbeid med å finne tekniske løysingar og gjev ei tidsramme for iverksetting av desse, samt utarbeide forslag til finansiering.

Balestrand Venstre forventar at dette brevet vert lagt fram for formannskapsmedlemmene før eller i møtet 28. mars. Vidare ber vi om at det i dette møtet vert orientert om framdrifta i saka.

16.03.07

For Balestrand Venstre
Råmund Nyhammer, leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**