Venstrekrav at vraket heves

Venstre sin leiar og stortingsrepresentant frå Hordaland Lars Sponheim og leiar i Hordaland Venstre meiner at u-båtvraket utanfor Fedje bør hevast dersom det miljøtrugsmålet vraket representerer skal fjernast heilt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


– Det er den beste løysinga å heve vraket og få fjerna den utryggleik som vil vere knytt til at vraket blir liggjande med giftig kvikksølv, seier stortingsrepresentant frå Hordaland og Venstreleiar Lars Sponheim.

– Eide Marinservice meiner dei kan heve vraket på ein miljømessig forsvarleg måte. Denne løysinga bør regjeringa vurdere nøye, seier leiar av Hordaland Venstre Sølvi M. Mangerøy.

Truer havmiljø og fiskeri
– Vraket er ein stor miljøfare som trugar havmiljø og fiskeri på store delar av Vestlandskysten. Vi må bruke dei ressurser som vi har til rådigheit for å fjerne det miljøtrugsmålet U-båtvraket utanfor Fedje representerer, seier Sponheim og Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**