Kvinnherad Venstre har hatt nominasjonsmøte
Skulepolitikken er ei av dei viktigaste sakene Venstre går til val på i år, sa Kjell Yri på nominasjonsmøtet. Styreleiaren gjorde det klart at partiet vil vera med og endra på noverande skulestruktur, som betyr både nedleggjing og samanslåing av skular.