Medlemsbrev frå leiar

Så er det tid for ei ny lita oppdatering på det som rører seg i fylkeslaget. Eg har gjennomført mitt første møte, og vil takka styret for god møtedisiplin og godt arbeid. Me hadde mange saker, og jobba effektivt og godt. Det er mykje arbeid som ligg føre oss, skriv fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Av saker som me hadde på sakskartet, var å setje opp møteplan, evaluera nominasjons- og årsmøtet, setje ned ei gruppe som skal språkvaske fylkesvalprogrammet slik at det er klart til å setjast opp, gje fylkesleiaren mandat til å gjennomføra lønsforhandlingar med fylkessekretæren vår, setje opp statuttar for miljøprisen som me deler ut årleg, avgjera kva opplysningar som skal med på fylkesvallista, oppnemne eit valkamputval og følgje opp korleis det står til med listestillinga i kommunane. Vidare hadde Anders ei kort referering frå landsstyremøtet han var på siste helga i februar, Kari Ø.Toft gjorde greie for status i arbeidet med planlegginga kring landsmøtet og sist (men ikkje minst) politisk halvtime der Harald Hove refererte kort frå arbeidet i fylkestinggruppa. Som de ser, mange ulike saker.

For å trekkja fram noko av det me gjorde.
Anders Skoglund, politisk nestleiar i f.styret er leiar for valkamputvalet. Han har med seg 1. og 2. kandidatane på fylkesvallista; Harald Hove og Anne Beth Njærheim, og ein frå UV. I tillegg er sekretæren vår Torhild med. Det skal også tilsetjast personar i to halve stillingar (politisk og organisatorisk)frå 1/7. Kari Ø.Toft har påteke seg å setje opp programmet. Ho er ei flott og erfaren dame det er fint å kunne nytte seg av kompetansen til. Bergen Venstre har ein observatør i valkamputvalet til fylkeslaget. Valkamputvalet skal ha sitt første møte i morgon, og det er jo eit godt teikn 😉

Helge Kjellevold, organisatorisk nestleiar i f.styret, skal leia gruppa som skal språkvaske programmet. Denne røynde skulemannen er nok rett mann til denne oppgåva.

Statuttar for miljøprisen vart vedtekne. Dei finn de på heimesidene til Hordaland Venstre. Prisen vert delt ut kvart år 5.june, som er verdas miljødag. Medlemmer i venstre kan sende inn forslag på kandidatar til prisen, og fristen for dette er 15.mai.

Landsmøtet nærmar seg med stormskritt. Eg er sikker på at dette vert eit arrangement som Hordaland Venstre kan vere stolte av. Innhaldet på landsmøtet ser også spennande ut. Det er viktige dokument som skal handsamast og vedtas i møtet. Eg tenkjer sjølvsagt på prinsipprogrammet og skulepolitisk manifest. Viktige dokument for oss i valkampen og i programarbeid kring i kommunane.

I sist brev oppmoda eg til å finna saker “å brenna for” i valkampen. No har du muligheten til å kveike andre med saka di. Nytt deg av muligheten til å sende inn framlegg til politiske uttalingar til landsmøtet! Fristen for dette er 23.mars! Eg oppfordrar til å sende ein kopi til venstrekontoret sin e-post. Då kan me kan få ei oversikt over kva de ynskjer til delegatmøtet som er dagen etter.(24/3). Send meg/oss gjerne innspel på saker de ynskjer me skal prøva å løfta fram i innlegg. Hugs, me er alle medlemmene i Hordaland Venstre sine utsendingar, også DIN!

Viktige fristar: Eg gjentek; Politiske uttalingar til LM 23.mars
Eg gjentek også; Innsending av lister er 30.mars! Her er det ikkje lurt å drøya til siste liten. Så snart lista er ferdig, send den inn! Dette er i samband med helg, og då er det ulike tolkingar av kva som eigentleg er “deadline”.

Elles vil eg takka for alle som sender meg innspel, kommentarar og kopiar av innlegg. Eg set stor pris på å høyra frå medlemmene, og eg prøver å svara alle tilbake.

Eg vil også retta ei takk og lukka til, til alle som stiller som kandidatar på listene som Venstre har i fylket, og på fylkesvallista. Eg er sikker på at me skal gjera ein god valkamp, og vinna fram som det store ORDFØRARPARTIET! .Me tek gjerne FYLKESORDFØRAREN også;-)

Beste helsing

Sølvi Merte Mangerøy
fylkesleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**