Venstre vil programfesta å ha open sfo på dei planleggingsdagane som fell innafor elevane sitt skuleår. «Mange foreldre har problem med å få plasert ungane desse dagane, og det må vi gjera noko med», seier Os Venstre sin representant i kommunestyret Tore Rykkel.
«Fleire skular legg i dag nokre planleggingsdagar før og etter skuleåret. Dette gjer at det ikkje vert meir enn 2-3 dagar som fell innafor elevane sitt skuleår. Dette må vi klara å gjera noko med utan at det får store økonomiske konsekvensar. Det er kun eit spørsmål om vilje» seier Rykkel.
Her er alternativet!