Venstre krev lærlingplassar

Skodje Venstre vedtok i november 2006 ein resolusjon der vi kravde at kommunen må opprette lærlingplassar. I desse dagar lyser Skodje kommune ut tre ledige lærlingplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Skodje Venstre, samla til medlemsmøte 6/11, ser med uro på at Skodje kommune ikkje kan tilby lærlingplassar for ungdom. Skodje kommune er ein stor arbeidsgjevar innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget og helse- og omsorgsfaget. Kommunen er også som arbeidsgjevar godkjend lærebedrift innanfor desse faga.
For Skodje kommune er lærlingplassar viktig for å sikre rekruttering av stabil arbeidskraft til desse faga. For ungdom i kommunen kan tilbod om lærlingplass vere avgjerande for om dei vert buande i heimkommunen sin.
Skodje Venstre forventar at Skodje kommune tek i bruk retten sin som opplæringsbedrift og opprettar lærlingplassar i barne- og ungdomsarbeidarfaget og helse- og omsorgsfaget. På denne måten kan kommunen vise at dei tek ungdommen på alvor, og at dei tek rolla si som arbeidsgjevar alvorleg.

Skodje Venstre
Kari Grindvik, leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**