Program 2003

Program for valperioden 2003-2007

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


EIT GODT LIV I ÅL!

Venstre i Ål vil:
Legge til rette for eit allsidig næringsliv og sikre næringar som forvaltar naturressursane i kommunen.
ta vare på biologisk mangfald, kulturlandskap og urørte natur-område.
utnytte den sterke posisjonen kommunen har innan kultur og media til profilering, nærings-utvikling og til trivselstiltak.
gje ungar og ungdom ein opp-vekst i Ål som gir ein god start i livet og som knyter band til heimbygda.
styrke samspelet mellom kommunen og det private næringsliv for å skape arbeidsplassar og framtidstru i kommunen.
søke samarbeidsløysingar med nabokommunane for betre ressursutnytting og utvikling av regionen.

På Venstrelista finn du initiativrike og engasjerte fritidspolitikarar. Dei vil stå på dei overordna føringane i Venstre-programmet og vil i ei tid med stadig strammare kommuneøkonomi, ta politiske avgjerder utan å bli pressa av sterke særinteresser.

ALLSIDIG NÆRINGSLIV
Stadig fleire kan ta med seg arbeidsplassen og busette seg på stader med gode oppvekstmiljø og som kan tilby gode natur- og kulturopplevingar. I tillegg til å sikre og å utvikle eksisterande arbeids-plassar, blir det viktig for Venstre at Ål kommune legg forholda til rette for arbeidsskaparar, — personar som er på leit og som kan finne “eit godt liv i Ål”.
Venstre vil
arbeide for at det blir lagt til rette for ein næringshage for jobbskaparar og småbedrifter i Ål
stimulere til meir lokal foredling og kultur- og naturbasert produktutvikling
arbeide for å bygge eit badeanlegg i Ål Folkepark saman med private investorar
arbeide for ei samla breibandutbygging i Hallingdal
bruke næringsfondet aktivt som verktøy for næringsutvikling
at kommunen skal vere ein medspelar og ikkje ein motspelar i jungelen av lover og reglar
gjennomføre reguleringsplanen for Sundre for å skape eit trivelegare og meir funksjonelt sentrum
sikre betre tilgang på sentrumsnære bustadtomter og næringstomter
utvikle Torpomoen på ein måte som gi varige arbeidsplassar
gje ungdom kunnskap om lokalt næringsliv
arbeide for at RV7 får stamvegstatus heilt til Bergen

GODE HELSE-OG SOSIALTILBOD
Det grunnleggjande for Venstre er at alle har eit ansvar for eiga helse. Samstundes må omsorgstenestene sikre at du blir tatt godt vare på når behovet melder seg, anten du er rik eller fattig.
Venstre vil
oppretthalde eit høgt nivå på helse- og sosialsektoren der brukarane står i sentrum
vidareføre frisklivsprosjektet for at flest mogleg skal koma raskt attende til yrkeslivet etter sjukdom eller ulykke
arbeide for interkommunale løysingar som opprettheld eit godt helsestell med betre ressursutnytting
satse meir på førebyggjande tiltak, særleg blant ungdom
gjenopne behandlingsbassenget

GODE OPPVEKSTMILJØ
Det må leggjast til rette for at frivillige lag og organisasjonar kan samarbeide med kommunen, for å skape gode tilbod for barn og unge. Venstre ser på dei unge som den viktigaste ressursen kommunen har, og ser det som avgjerande at barn og ungdom får ein god oppvekst i samspel mellom heim, barnehage og skule.
Venstre vil
ha barnehagebetaling med sosial profil
arbeide for å sikre full barnehage-dekning, også for ungar under tre år
ha like satsar for foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved alle skular
prioritere arbeidet med langsiktig strategi for skulen i Ål
sikre skulen nødvendige ressursar for å gje elevane mest mogleg individuelle undervisningstilbod
stimulere tiltak som gir elevane gode natur- og kulturopplevingar
at samarbeidet mellom skulen og det lokale næringslivet må styrkast.
modernisere Ål ungdomsskule
at kommunen må vere meir aktiv i å ta vare på og utvikle den vidaregåande skulen i Ål
sikre trygge skulevegar i kommunen
at Ål ungdomsråd må få større mynde og økonomiske ressursar
betre busstilbodet for ungdom mellom grendene og sentrum på kveldstid

BETRE MILJØ
Eit godt miljø skapar trivsel for fastbuande og tilreisande, og vil vere ein viktig del av livsgrunnlaget for dei som kjem etter oss. Dette er både eit offentleg og privat ansvar.
Venstre vil
arbeide for betre kjeldesortering
få i gang tiltak som nyttar spillvarmen ved Hallingdal Renovasjon
vere restriktiv til nedbygging av dyrka mark
arbeide for å oppretthalde togtilbodet i kommunen og i regionen
styrke Energifondet med sikte på å redusere den totale energibruken, og til å fremje bruken av alternativ energi
verne vassdrag som ikkje er rørt av kraftutbygging frå før
arbeide for auka minstevassføring i visse regulerte vass drag for å betre sjølvreinsingsevna og fisket

KULTURBYGDA ÅL
Ein variert kultur er sjølve livskjelda, – til glede og utvikling for einskildmennesket og fellesskapen. Vi ynskjer ei sterkare bevisstgjering av lokale verdiar og tradisjonar. Ål Venstre ynskjer ei kulturbasert næringsutvikling med Kulturhuset og Ål Folkepark som drivkraft.
Venstre vil
sikre allsidig drift av Ål kulturhus
utvikle Ål Folkepark til eit trivselsområde for bygdefolk i alle aldrar og ein regional arena for ulike arrangement
stimulere aktivitetane til frivillige lag og organisasjonar
styrke kulturskulen
arbeide for å få etablert eit nasjonalt senter for dekorativ folkekunst i Ål
sikre aktiviteten i Kårstugu og Nigardstugu

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**