Jan Kløvstad har arbeidd som fylkessekretær i Noregs Ungdomslag, kultursekretær, forlagssjef i Noregs Boklag og marknadskonsulent i Det Norske Samlaget, sekretær for Alko-Kuttkampanjen, informasjonsjef i Venstre, direktør i Nordens Hus på Færøyane, politisk sekretær for sentrumspartia i Nordisk Råd, direktør for Grønlands Kulturhus – Katuaq i Nuuk i Grønland. 1999-2009 kultur- og miljøsjef i Tvedestrand. Frå sommaren 2009 60% prosjektleiar i Bokbyen ved Skagerrak og 20% fylkessekretær for Agder Venstre.
Bøker:
Han har også skrive bøkene «Lutefisk» (1988) saman med John Moberg, «Glede og hugnad, samarbeid og dugnad. Aust-Agder ungdomslag 1896-1996» (1996) , «Ild, begeistring og varme. Om første folkehøgskolen på Sørlandet» (2000), vore hovudforfattar og redaktør av «Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Norge» 1986, «Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996» (1995), redigert «Søkelys på biografi- og memoarlitteratur om og av nordiske samtidspolitikere» (1990), «Etikk i politikk og journalistikk» (1990), «Norsk humor» (1995) saman med Herbjørn Sørebø og redigert og skrive ei rekke bøker om kulturhistorie, humor, færøysk, grønlandsk og nordisk kultur. I 2006 og 2007, mellom anna artiklar i «Åsta i våre hjerter.» Vennebok til Åsta Holth utgitt til 100-årsminnet februar 2003, «Trés bien» – Kristian Blak 60 år, forlaget TUTL, Færøyane, «Katuaq 1997-2007», forlaget Milik, Grønland og i «Oplevelser. Koblinger og transformationer», Aalborg Universitetsforlag, 2006, artikkel i «Estland-Norge 25 år», september 2010. Redaktør av «Spøkefugl og alvorsmann – Øyvind Bjorvatn 80 år», april 2011. Artikkel om «Borrby bokby og verda» i boka «Boken om böcker», Star in Oval forlag, Borrby i Sverige, 2012.
Verv:
Jan Kløvstad har hatt mange verv i Venstre, Foreningen Norden og Noregs Ungdomslag på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk plan, og i Liberal International. Styremedlem i det Norske Samlaget 1986-1988. Han har også vore styremedlem i Nordisk Informasjonskontor Sør-Norge (2001-2007), ITCIP- International Training Institute of Indigenous Peoples (hovudsete Nuuk/Ottawa) (1999-2009), Bokbyen ved Skagerrak i Tvedestrand og Kystkulturuka (1999-2005) i Tvedestrand og styremedlem for ungdoms- og musikkfestivalen Skodje Fjord Cadenza i oppstartingsperioden. I 1995 var han mellom initiativtakarane til Stiftelsen Torgny Segerstedts Minne i Göteborg. I 2004-2005 var han også medlem av Jørgen Løvland-nemnda for å løfte fram Venstre sin statsminister i Stockholm i 1905. Medlem i styringsgruppa for Sørlandets litteraturpris.
Leiar i Arendal Venstre 2003-2011. Medlem av Kunstnarleg råd for Dei nynorske festspela i Ørsta 2005-2007.
Styremedlem Sørnorsk filmsenter frå hausten 2008,nestleiar frå 2012. Sakkyndig i Nordisk kulturfond 2008-2010, norsk sekretær for Letterstedtska föreningen frå 2009. President i International Organisastion of Booktowns 2012-
Prisar:
4H-plaketten for fullført 4H-program 1975
Sparebankens initiativpris i Aust-Agder 1982 for arbeid med hjelpesendingar til Polen (saman med Ingeborg og Per Haakstad),
Ole Vig-prisen 1987 for frivillig ungdomsarbeid og arbeidet med Aksjonen Norge mot Dounreay,
reiselivsprisen på Færøyane 1994,
og er utnemnt til turistambassadør for Grønland.
Tildelt Sokneprest Andersson-Ryssts pris i 1999 for samarbeid mellom Norge, Færøyane og Island.