I bystyremøtet 22. februar vedtok bystyret å vidareføre samfunnsbyggarprosjektet. Det er bra. Venstre har støtta dette prosjektet frå dag 1. For oss er dette viktig:
1. så mange som mogleg skal vere med på å bygge lokalsamfunnet
2. ei ny organiseringsform, knytta til kommuneplanutvalet eller komiteen for kultur, miljø og næring eller driftsstyret skal ha som grunnlag å stimulere til nytenking og inspirasjon, IKKJE til kontroll av dei tankane som kjem fram
3. Vi minner om den islandske kvinnelistas arbeidsform: Alle saker skal vurderast utfrå om eit standpunkt kan ha langvarig effekt positivt eller negativt for kvinner, for barn – og om vi kan risikere å stjele initiativet frå folk.
Det viktige nå er å arbeide slik at vi stimulerer initiativ, ikkje utøver kontroll.