Prisutdelar, leiar for Stortingets miljø- og energikomite og Venstre sin miljøpolitiske talsmann Gunnar Kvassheim (t.v.) overrekker miljøprisen til dagleg leiar Ole Bjørn Kleven i Hallingdal Trepellets.
Grunngjevinga for tildelinga er at pelletsproduksjonen fører til auka avvirking av mindreverdig skogsvirke (slip), reduksjon i transport av tømmer, foredling til eit høgverdig og framtidsretta biobrensel og skaping av fleire arbeidsplassar, både i skogen og i foredlingsbedrifta.
Produksjonen er også CO2 nøytral. Dette er eit viktig bidrag for å få redusert CO2 utsleppa på sikt.
(Kjelde: Hallingdølen)