Ingebjørg Nordbø (f. 1955) er i denne perioden medlem av kommunestyret og utvalet for plan, teknikk og næring (PTN) og leder av Takstnemnda. Ho blei valgt som leder av Bø Venstre i januar 2012. Ho har markert seg som ein uredd talsperson i miljøspørsmål, og har særleg vore engasjert i utviklinga av Evjudalen og på Lifjell.
Ingebjørg er no kaféansvarleg på Gullbring Kulturanlegg og har tidligare vore sjølvstendig næringsdrivande i mange år, som eigar og drivar av Roxy platebar og Roxy kaffebar. Ho har og hatt vikariat som dagleg leiar av Telemarkfestivalen.
Ho er også med som styremedlem i Bø Kunstforening, Bø jazzklubb og Bø Museum og er også med som pådrivar for arrangementet "Bøker i Bø".