Hallingdal Trepellets får miljøprisen 2007

Ole Bjørn Kleven tok imot miljøprisen til venstrelaga i Hallingdal på vegne av Hallingdal Trepellets. Pelletsfabrikken nyttar overskotsvarmen frå Hallingdal renovasjon. Gunnar Kvassheim delte ut miljøprisen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Miljøprisen er oppretta av venstrelaga i Hallingdal, og blir utdelt av ei eiga miljøprisnemnd som består av ein representant frå kvart lokallag. Miljøprsen er ein heiderspris som kan delast ut til personar, lag og organisasjonar eller verksemder som har gjort ein miljøinnsats i Hallingdal.

Frå miljøbelasting til miljøgevinst
—Vi har fått ei dreiing frå eit renovasjonsanlegg som har vore ei miljøbelastning til eit renovasjonsanlegg som gir ein miljøgevinst, sa Kleven i takketalen sin. — Ein kan leggje press på seg sjølv og ein kan sjølv gjere noko med utsleppa sine, sa han. —Særleg viss ein også kan tene nokre kroner på det, la han til.

Miljøprisen 2007 Hallingdal

Foto: Hallvor Lilleslett

Gunnar Kvassheim delte ut miljøprisen
Leiar i Stortingets Energi og Miljøkomite Gunnar Kvassheim delte ut venstrelaga i Hallingdal sin miljøpris for 2007 på det opne møtet i Hemsedal 19.februar. Han nytta høvet til å snakke om Energipolitikk og klimautfordringar.

Gode grunnar til at Hallingdal Trepellets får venstrelaga sin miljøpris.

∑ Auka avvirking av mindreverdig skogsvirke (slipp),
∑ reduksjon i transport av tømmer
∑ foredling til eit høgverdig og framtidsretta biobrensel
∑ skaping av fleire arbeidsplassar, både i skogen og i foredlingsbedrifta.

Produksjonen er CO2 nøytral. Dette er eit viktig bidrag i å få redusert CO2 utsleppa på sikt.

Meir biobrensel

Hallingdal Trepellets har ei utfordring i å få gjennomslag for bruk av biobrensel både lokalt i Hallingdal og i landet elles.

Pellets er ypperleg eigna for automasjon og dermed kunne erstatte fossilt brensel og straum.

Det er gjort ein god jobb i selskapsdanninga. Viktige lokale aktørar som Ustekveikja Energi, Hallingdal Kraftnett, Viken Skog og Hallingdal Renovasjon er tunge medeigarar

Selskapet vart skipa i 2003, etter eit forprosjekt som tok til i 2002. Hallingdal Renovasjon sette då i gang eit prosjekt til fomål å utnytte spillvarmen frå søppelforbrenninga. Det har vore 23 ulike idear til utnytting av denne spillvarmen, frå badeanlegg til energiproduksjon, matproduksjon og blomsterproduksjon (veksthusbæring).

Hallingdal Trepellets har hatt ordinær produksjon frå hausten 2006, og er første pelletsfabrikken i verda som utnyttar rått trevirke direkte i produksjonen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**