Venstre og Arendalsbudsjettet 2006

Ein kommentar frå Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Endeleg er det lysglimt etter mange tunge økonomiske år og nedsksjeringar på alle felt i Arendal. Rådmannen har lagt fram eit forlsag i balanse, utan å skjere meir ned på kommunale tenester. Bystyret har i tillegg over 20 millionar kroner å styrke kommunen med, etter friske pengar på statsbudsjettet den nye regjeringa la fram seinhaustes.

For Vensgtre er dette viktig:
– bygge opp igjen omsorgstenestene
– styrke skolane
– bruke pengar til kultur ogs amfunnsbygging for å gjere Arendal til ein stadig meir attraktiv kommune å bu i og å skape arbeidsplassar i.

Venstre er med i eits amla fleirtalsforlsag der vi støttar rådmannens forslag til disponering, slik rådmannen har lagtd ette fram. I tillegg vil vi dele dei friske 20 millionane med om lag 8 millionar til omsorg, 6 millionar til oppvekst og resten for å styrke Arendal som ein nyskapande, attraktiv kommune.

Vi håpar også at veksten i budsjettet vil halde fram, mellom anna fordi vi ser store uløyste behov i omsorg og oppvekst, og innan kultursektoren. Vi ser noen økonomiske skyer i 2007-08, men håpar regjeringa vil halde fram opptrappingsplanen.

Noen små utdrag av budsjettet:

– Asdal skole får endeleg sårt tiltrengt utbygging
– Venstres forslag i bystyret i juni om ny avlastningsheim for multifunksjonshemma barn kjem, med 31,5 millionar avsett i budsjettet
– Arbeidet med å få størst mogleg stoillingar i omsorgssektoren er komen veldig godt i gjenge, etter eit forslag frå Venstres Marianne S. Lyngvi i 2004 om å samarbedoe med Kommunenens sentralforbund om målretta prosjekt
– Det er funne rom for nytt orgel i Trefoldighetskirken, eit orgel som vil vere eit verdfullt tilskot til heile landsdelen. Nå kan Arendal stiløle både med kunstgalleriet Bomuldsfabriken, Arendal og omegn kunstisbane, nytt kulturhus og innan 2009 eit moderne orgel. Bra!
– Det er funne rom for viktige tiltak som heving av vegen til Haugenes i Austre Moland (i 2007-budsjettet), ei grend som ofte har vore plaga av at vatnet står over vegen
– Det kjem friske pengar til frivillig kulturliv, til kulturhuset, til Canal Street og nye frivillighetssentralar i Moland og Tromøy, i tillegg til styrking av den vellykka Hisøy frivillighetssentral som har vist veg i dette arbeidet

Heile budsjettforslaget står på www.arendal.kommune.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**