Om fylkeskommunens kulturformidlingsplan

Arendal Venstre har stor sans for at det nå blir laga ein kulturplan for Aust-Agder. At planen vlir kalt «Strategisk plan for kulturformidling i Aust-Agder» er dristig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Fylket vårt ligg dessverre langt etter dei fleste andre fylke både når det gjeld kulturPRODUKSJON, kulturBYGG og også kulturINSTITUSJONAR. Vi kan nemne at da Bergen var europeisk kulturhovudstad var det viktig å inspirere kulturlivet UTANFOR institusjonane, mens Sørlandet i 100 i 2002 klokt nok valte å satse på å bygge opp dei eksisterande, men ofte noe svake institusjonane på Sørlandet.

I komiteen for kultur, miljø og næring 21. september stilte Venstre forslag om også å arbeide for produksjon, kulturinstitusjonar og kulturbygg, og fekk ein samrøystes komite med på dette. I forslaget til plan er dets agt mykje godt om kunstnarane si rolle i landsdelen, og alt dette støttar venstre. I tillegg vil vi utvidekunstnaromgrepet meir enn bildekunst og kunsthandverk, som det meste av dette kapittelet i planen handlar om. På same måte som vi støttar planens forlsag om 2$% av byggesummane til utsmykking (identisk med Arendal venstres forlsag i Arendal bystyure i januar 2006) meiner vi at det skals atsast like mykje på musikarar, forfattarar og skodespelarar.

Venstre meiner vidare at det å satse på profesjonelle kunstnarar er god næringspolitikk. Kulturnæringa veks nå med 5% i heile Evest-WEuropa, og vi bør absolutt vere med i denne positive utviklinga.

Kulturplanens målsettingar om fetsivalar, Den kulturelle skolesekkken, fyrtårnsatsningar, bibliotekas rolle og kapittelet om kultur som næring er også i samsvar med våre haldningar om å bygge ein kreativ og attraktiv landsdel. Og vi vil altså i tillegg styrke kulturinstitusjonane meir enn planen legg opp til, styrke tilskotsordningane for kulturbygg, og gi meir rom for det frivillige kulturlivet.

Venstre sine forslag i komiteen gjekk samrøystes gjennom, etter at komitefleirtalet først avviste Framstegspartiets forslag om berre passivt å ta planen til etterretning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**