Av bystyremedlem Marianne S. Lyngvi og stortingskandidat Jan Kløvstad, Venstre
I dag er Arendal bystyre invitert til å sette igang planarbeidet for ny E-18 mellom Tvedestrand og Arendal. Planarbeidet skal skje i eit samarbeid mellom Arendal og Tvedestrand kommunar, fylkeskommunen og Statens vegvesen og med vegvesenet som tiltakshavar. I forslaget frå driftsstyret heiter det at planarbeidet skal omfatte alternative trasear for ny E-18, kryss til Tvedestrand og kryss også til Eydehavn og ny hamn. Vidare skal planarbeidet bli samordna med oppgradering/fornying av riksveg 410 mellom Eydehavn og Stoa. Det ligg i korta at ny trase bør gå nærmare kysten, i ein slags slak sving austover mellom Stølen og Bergsmyr like ved bykjerna i Tvedestrand. Den vidare planlegginga vil gi svar på noen av utfordringane: lengst mogleg vekk frå hus og dyrka mark, best mogleg samordning med trafikken til hamna på Eydehavn, best mogleg avlasting av kystvegen, og avkøyring som tener både Tvedestrand sentrum og trafikken til Vegårshei, Åmli og Telemark.
Dette er eit viktig vedtak bystyret skal fatte, i tråd med det vedtaket Tvedestrand kommunestyre fatta 15. mars. Fylkestinget har lagt alt klart for å sette igang, og er invitert til å gjere endeleg vedtak i aprilsamlinga.
Nullvisjon
Fleirtalet i driftsstyret er positive til å sjå på ulike finansieringsløysingar for å få ny veg raskare. Å tru at vi får ein slik ny veg utan lokal finansiering er dessverre blåøygd. Alle parti på Stortinget som har vore nær budsjettansvar vil kreve lokal medfinansiering. Valet for oss lokalt står mellom å få redusert ulykkene, få betre bumiljø, redusere forureininga frå E-18 når vi ser ein større region under eitt eller å måtte vente enda 30-50 år på ny E-18 mellom Tvedestrand og Arendal. Så enkelt er dessverre valet. Målet må vere ein nullvisjon at vi med ny veg ikkje skal få ei einaste dødsulykke på denne strekninga. Ny firefeltsveg med midtdelarar raskt er den sikraste garantien vi har mot alvorlege ulykker.
Miljøallianse med Kristiansand
Det er viktig å gjere vedtaket om E-18planlegging nå. Og så er det viktig å samarbeid med Kristiansand for å få støtte derifrå. Den mest miljøvennlege måten å frakta gods på landeveg mellom Austlandet og Danmark, Tyskland og resten av EU er over Kristiansand havn. det vil vere ille for miljøet om tungtrafikk frå delar av Aust-Agder, heile Telemark, Vestfold, Buskerud og Akershus skal gå via Oslo, Østfold, Bohuslän, Göteborg og heilt ned til Skåne , Sjælland og Fyn for å kome til det europeiske fastlandet. Det blir det mykje forureining av. Derfor må Kristiansand nå støtte opp om vedtaka i fylkestinget, Tvedestrand og Arendal og prioritere denne strekninga aller øvst på lista over alle vegprioriteringar Sørlandet skal diskutere dei komande åra.