Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre
Nå har danskane to sett kommunestyre å halde seg til fram til 31. desember 2006. I kommunevalet i går blei det valt 98 nye kommunestyre, og frå før sit kommunestyremedlemer i 271 kommunar. Dei 13 amtstinga (fylkestinga)e r blitt til 5 regionar. Heile Danmarkskartet blir teikna på nytt. Arendals vennskapskommune Silkeborg får nå 83 500 innbyggarar, etter samanslåing med nabokommunane Kjellerup (14 000 innbyggarar), Gjern (7500 inbyggarar) og Them med 7 000 innbyggarar. Tvedestrands vennskapskommune Hirtshals blir ein del av den nye Hjørring kommune, der også Sindal og Løkken-Vrå går inn, i ein ny storkommune med tilsaman 68 000 innbyggarar. Den gjennomsnittlege danske kommunen får 48 000 innbyggarar. Regionane blir Nordjylland, Midtjylland, Syddanmark med Sønderjylland og Fyn, Sjælland, og så Hovedstaden som den delen av Sjælland som ligg aust for Roskilde.
Meir makt til kommunane
Alle kommunale tilsette får nå kvardagen sin endevendt. Alle skal analysere sin eigen arbeidssituasjon, alle skal med i ei ny møller med kolleger i tre-fire nabokommunar. Og det er ingen garantiar for at alle får hald efram i jobben sin, slik den samanslåtte Arendal kommune garanterte dei tilsette i Moland, Øyestad, Tromøy, Hisøy og Arendal ved kommunesamanslåinga. Nå skal dei nyvalte lokalpolitikarane bruke eit år til å omorganisere og avtale arbeidsoppgåver. Kommunane skal ta over sosialpolitikken, den omfattande spesialundervisninga amta har hatt til nå, det meste av miljøansvaret, dei fleste vegane, helsesektoren, vidaregåande skolar (mykje blir også sjølveigande institusjonar). I mellomtida får ingen av dei sittande "gamle" kommunestyra lov til å fatte vedtak i økonomiske saker. I 2006 blir kommunestyra kalt "sammenlægningsudvalg". Danmark vil ikkje ha ei ordning der dei gamle kommunane gir bort alle verdiane sine før dei skal dele utgifter og inntekter. "Sammenlægningsutvalgene" skal vedta budsjett for 2007, avgjere interne lokaliseringar av administarsjon og andre tenester ui dei nye kommunane, og dei skal forhandle og avklare all overtaking av oppgåver frå amtet.
Thorkild Simonsen har vore arkitekt
Heile nyordninga er sett igang av det danske Venstre, som peika ut den tidlegare ordførar og byfader Thorkild Simonsen frå Århus som arkitekt. Simonsen har også vore sosialdemokratisk integrasjonsminister og nyt stor respekt i alle leirar i dansk politikk. Så langt har kommunesamanslåinga gått overraskande godt. Det ser også ut til at overraskande mykje av makta blir flytta NEDOVER i systema. Dei fleste opppgåvene amta/fylka har nå blir flytta til kommunane. berre når det gjeld vatnforsyning, strandsoneforvalting, forureiningspolitikk, stamvegar og sjukehusa blir statlege/regionale. I dag arbeider det 140 000 i amtsadministrasjonane. 20 000 av desse blir flytta til kommunane, og 15 000 til regionane. Resten skal finne seg anna arbeid. Staten har fordelt alle regionale statlege funksjonar og plassert dei geografisk i kvar enkelt region, og staten har også valt regionhovudstadar. Aalborg er regionsenter i Nordjylland, mens dte er Ringkøbing og ikkje største byen Århus i Midtjylland. I Syddanmark er det Aabenraa heilt ved tyskegrensa som blir regionenter, med noen funksjonar også lagt til Odense og Ribe.
Danmark er Danmark, og Norge er Norge?
Gir kommunereformen i Danmark smitte-effekt til Norge? Gir reformarbeidet ein arbeidsstil som er meir konkret, meir effektiv og meir politisk enn den avpolitiserande og byråkratiserande tilnærmingsmåten Kommunenes Sentralforbund har valt i Norge? Kan danske og norske forhold samanliknast? Det er korte avstandar og mange menneske i Danmark, hos oss er det stort sett lengre avstandar og færre menneske. Det vil likevel vere god grunn til å følge nøye med i det nye kommune- og lokaldemokratilaboratoriet som nå blir skapt i Danmark.