Barbeint, men aldri på Sheraton

Den polske journalisten og forfattaren Ryszard Kapuscinski døde 23. januar 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

«- Det var ein kunst å opne døra i rette augneblinken, akkurat på sekundet. Å opne døra for tidleg ville ha vore forkasteleg, det kunne verke som eg ønskte å skysse Keisaren på dør. Men dersom eg på den andre sida var for seint ute, ville Hans Stormektige Majestet bli nøydd til å saktne farten, eller kanskje jamvel stanse opp, og det ville bety ei krenking av hans fyrstelege rang, ein rang som m.a. inneber å kunne ferdast utan å risikere samanstøytar eller hindringar.»

«- Vi veit alle at hans Majestet var liten av vekst. Samstundes kravde vørdnaden for hans Keisarlege rang at han vart heva opp over undersåttane sine, jamvel i reint fysisk meining. Derfor hadde dei Keisarlege tronene lange bein og høge sete. Dette gjorde at det oppstod ei motsetning mellom behovet for ei høg trone og det faktum at Hans Ærverdige Majestet var liten av statur. Det kan vanskeleg tenkjast at ein person som sit med dinglande bein, liksom ein småunge, kan vekkje tilbørleg respekt og ærefrykt. Puta løyste dette delikate og altoverskyggjande problemet. Eg var Hans Mest Dygdefulle Majestets puteberar i tjueseks år. Eg følgde Hans Majestet på reiser over heile verda. Hans Majestet kunne ikkje dra nokon stad utan meg, sidan hans rang kravde at han alltid tok plass på ei trone, og han kunne ikkje sitje på ei trone utan pute, og eg var puteberaren. I lagerrommet mitt hadde eg femtito puter av varierande storleik og tjukn, i ulike stoff og fargar.»

Eg plukka fram desse to sitata frå Ryszard Kapuscinskis «Keisaren – ein diktators fall» (Det Norske Samlaget 1986, glitrande omsett av Ole Michael Selberg) da verdas største reisande journalist og forfattar, polske Ryszard Kapuscinski døde sist veke, knapt 75 år gamal. Kapuscinski ga ut seks bøker på norsk, dei to første på Samlaget der Ottar Grepstad var den første norske forleggar som oppdaga denne smålåtne og djuptpløyande forfattaren. Vi undra oss over at det skulle ta så lang tid før Kapuscinski blei eit stort namn i Norge, som i dei om lag 20 andre landa bøkene hans er utgitt i. «Keisaren» handla om eit nesten uverkeleg drama med intrigar, angjeveri, spyttslikking og nådelaus maktkamp i keisar Haile Selassies hoff. Men boka var sterkt med på å påverke utviklinga i Polen femten år etterpå! Ei teaterframsyning bygd på boka blei forbode av kommunistregimet. Den demokratiske motstandsrørsla i Polen las skildringa av det etiopiske keisarhoffet som ein parafrase over det polske kommunist»hoffet». Sidan kom «Sjahen», om Iran frå eit liberalt samfunn på tidleg 1950-tal, eit USA-støtta stadig verre diktatur styrt av vekebladfavoritten sjahen Mohammed Reza og til eit stykke inn i den blodige Khomeni-revolusjonen. Han har skrive om Afrika i «Ibenholt», om Afrika, Midt-Austen og Latin-Amerika i «Fotballkrigen», om Sovjets vekst og fall i «Imperiet». Svenske forlag har gitt ut fleire av bøkene hans, og i den store bokmessa i Göteborg var han mellom dei mest celebre gjestane. Svenske journalistar og lesarar har interessert seg mykje meir for Kapuscinski enn norske journalistar har, med unnatak for Dag og Tid, Åsne Seierstad og noen artiklar nå etter at han døde.

Ofte barbeint gjennom verda
I oppveksten i Pinsk, da i Polen, nå i Kvite-Russland lærte han om eigen og andre sin fattigdom. Han mangla sko, og under krigen fekk han ein avtale med ein jødisk handelsmann om å få sko om han selte 400 såpestykke. Det var umogleg, og jøden lånte han resten av pengane til krigen var over. Ryszard Kapuscinski såg det verdige i fattigfolk, der han reiste verda rundt, aller mest i fattige land og skildra utvikling og avvikling, maktspel og ærlege menneske med og utan sko. – Du vil aldri forstå noe av verden om du bor på Sheraton, sa han i ei intervju med Åsne Seierstad i Aftenposten sist haust. I amerikanske «Time » fekk han tittelen «Lord of the bush» i eit stort intervju i mars 1997, etter at «Imperiet» kom på engelsk. Time spanderte også på seg eit fire siders utdrag av boka, og det er sjeldan kost for ein europeisk forfattar og journalist sjølv om han har rapportert frå ikkje mindre enn 27 revolusjonar, var dømt til døden fire gonger, dynka med bensin og nesten sett fyr på i Nigeria og sett anonyme jordhol både i Liberia, Rwanda og Kongo som dei mest sannsynlege endestasjonane.

Da han presenterte «Keisaren» i Oslo noen vakre augustdagar i 1986 stod Muren framleis. Mellom intervjuavtalane med dei få norske journalistane som fatta storleiken hans den gongen hadde han også eit intenst hemmeleg program, i samtalar med Solidaritetsmedlemer busette i Oslo. Grundig og stillferdig henta han informasjon også hos dei, noen år etter at han – sjølvsagt – hadde vore inne på Leninverftet i Gdansk under den dramatiske streiken i august 1980.

Med Herodot
«Reiser med Herodot» var den siste boka. Her fortel han om reiser i over 40 år med ei 2500 år gamal bok som det faste reisefølget. Kvifor Herodots «Historie»? Boka var levert til det polske trykkeriet i 1951, men så blei Stalin sjuk og først i 1955 kom boka i sal. Det kunne jo vere noe i boka som kunne vere farleg. Som det står i Ole Michael Selbergs omsetjing av «Reiser med Herodot»: « hele vår tenking, hele vår måte å se og lese på, (var) besatt av forestillingen om henspillinger. Hvert eneste ord lot seg assosiere med noe, hvert eneste rommet en flertydighet, en dobbelt bunn, en skjult mening, i hvert eneste fantes det noe som var hemmelig kodet inn og chiffrert på utspekulert vis.»

– Han er ein forfattar som kombinerer det beste i Hemingway og García Márquez, ikke berre reportasjar, men intenst poesi, skreiv ei amerikansk avis etter Fotballkrigen. Det er lange linjer, djupe tankar og grundige refleksjonar i Ryszard Kapuscinskis livsverk. Bøkene hans bør vere obligatorisk pensum for alle journalistar.

Han måtte noen gonger gå barbeint også i vaksen alder, men aldri på Hotel Sheraton.

——-

Artikkelforfattaren var marknadskonsulent i Det Norske Samlaget da Ryszard Kapuscinski ga ut dei første bøkene sine på norsk, og har sidan møtt Kapuscinski ved fleire høve.

VenstrePluss – nettsider for medlemmer av Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**