Kort fortalt; eg er varaordførar i Kvinnherad kommune og leiar i Administrasjonsutvalet. Eg har vore aktiv i Kvinnherad Venstre sidan eg flytta hit for snart 15 år sidan.
Utdanning
Eg er utdanna jurist, har teke eksamen ved Universitetet i Bergen og har vore jobba i advokatfirma sidan 2000. Her har eg vore med å bygga opp bedrifta frå enkeltmannsforetak via kontorfellesskap til aksjeselskap. og bedrifta har auka frå to tilsette til idag 11 tilsette – har såleis god erfaring frå gründerverksemd og vilkår for småbedrifter.
Politisk
Har delteke i politikken i Kvinnherad gjennom kontrollutval, forvaltningskomite (plan og bygningssaker) og skulebyggutval før eg vart valt til varaordførar ved sist val. Er særleg oppteken av rammevilkår for småbedrifter og familiebedrifter – utan små foretak og gründarar fell mange arbeidsplassar rundt i kommunane vekk), rammevilkår for kommunane (sett kommunane i stand til å utføra tenester der folk bur og lever liva sine) og samferdsel i miljøperspektiv (God infrastuktur og god kvalitet på infrastruktur er god miljøpolitikk).