– Kampen for ein betre skule har lang historie i Venstre, sa Sponheim då han innleia til debatt på Hordaland Venstre sitt årsmøte på Voss.
Han peika mellom anna på kor viktig det er å sørge for at lærarane får tid og ressurser til meir og betre etter- og vidareutdanning.
– Nøkkelen til ein betre skule ligg i å satse på lærarane. Dei er sett til å forvalte vår viktigaste ressurs – borna våre, sa Lars Sponheim.
Hordaland Venstre sitt årsmøte skal handsame skulepolitisk manifest seinare idag.
Ros til skulepolitikar Dørum
Sponheim oppmoda årsmøtelyden til å ta ein grundig debatt om korleis me kan skape ein skule for kunnskap og like moglegheiter. Han ga samstundes ros til Venstre sin framste skulepolitiker på Stortinget, Odd Einar Dørum.
– Dørum gjer ein kjempejobb for Venstre når han reiser rundt og lyttar på lærarane og sjekker kva som rører seg i skule-Noreg, sa Sponheim.