– Positiv løypemelding om lokalsjukehusa

Arbeidsgruppa om lokalsjukehusa sine akuttfunksjonar har sendt sin rapport på høyring.
– Eg noterer først at dette er ei løypemelding. Utkastet er positivt i den forstand at den framhevar lokalsjukehusa sine fortrinn i helsetenestekjeda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Arbeidsgruppa er satt ned for å sjå nærare på lokalsjukehusa sine oppgåver knytta til akuttfunksjonar og den samla behandlingskjeda. Utvalet har no sendt arbeidet sitt på høyring til mellom anna helseforetaka. Svara skal innarbeidast i ein endeleg rapport til Helse- og omsorgsdepartementet. Venstre og Gunvald Ludvigsen har tidlegare bede statsråden om at Stortinget får denne rapporten til handsaming.

Gunvald Ludvigsen

Foto: Rune Kongsro

God rettleiing
– Etter mitt syn kan rapporten tolkast som eit forsvar for lokalsjukehusa, og har ei god rettleiing for korleis ein skal få dette realisert. Altså: Korleis klare å realisere lokalsjukehusa som tryggleiksbasar for folk. Ikkje minst fokuserer rapporten bra på korleis ein må designe spesialistutdanninga slik at spesialistane er tilpassa lokalsjukehusmedisinen, seier Ludvigsen.

Samstundes legg han til at ein kunne ynskje seg eit høgare presisjonsnivå på fleire område i rapporten, men utkastet bør kunne vere ei god vegleiing både til dei regionale og lokale helseforetaka.

Nærleik gjer tryggleik
Ludvigsen ser fram til at Stortinget skal ha ei grundig drøfting om rolla til lokalsjukehusa.
– Eg tykkjer at lokalsjukehusa skal vera berebjelken i morgondagen sitt helsesystem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**