– Vi skal ikkje berre fylle biodiesel på dei bilane som fylkekommunen eig. Vi bør også få bruk av biodiesel inn i kontraktane med dei som leverer tenester til oss, til dømes Timeekspressen, seier Gjerde til NRK Møre og Romsdal.
Når etterspørselen aukar, vil fleire bensinstasjonar føre biodiesel, og det blir lettare også for vanlege bilistar å få tak i utsleppsnøytralt biodrivstoff.
– Dersom fylkestinget går inn for dette, kan Møre og Romsdal bli eit føredøme for resten av landet, seier Gunn Berit Gjerde.
I forslaget til fylkestinget ser Gjerde leveransar til fylkeskommunen i samanheng med drivstoff til innbyggjarane. Gjerde seier at det ikkje er nok å kunne levere miljøvennleg drivstoff til fylket, drivstoffet må også kunne leverast til folk flest.