Uttale frå fylkesårsmøtet i Rogaland Venstre:
Ja til vindkraft men ikkje overalt!
Venstre i Rogaland har arbeidd aktivt for vindkraft i mange år og er svært glad for at ein samla plan for utbygging av vindkraftanlegg i fylket endeleg er lagt fram. Vindkraft er en viktig ressurs som bør tas i bruk, og Rogaland skal bidra til å nå det nasjonale målet for vindkraftproduksjon.
Uønska konsekvensar for menneske og natur gjer at det er ekstra viktig at fylkesplanen blir fulgt. Både offentlege og private føretak skal halde seg til planen for å få konsesjon.
Det er NVE sitt ansvar å gje konsesjon til utbyggar. Konsesjon skal berre gis i dei høve der søknaden er i samsvar med plan for utbygging av vindkraftanlegg.