HANDLINGSPLAN FOR SOGN OG FJORDANE VENSTRE 2006

Hovudmålsetjinga for arbeidet i 2006 er å legge grunnlaget for eit godt kommune- og fylkestingsval i 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


HANDLINGSPLAN FOR SOGN OG FJORDANE VENSTRE 2006

Hovudmålsetjinga for arbeidet i 2006 er å legge grunnlaget for eit godt kommune- og fylkestingsval i 2007.

1. Dra nytte av at Sogn og Fjordane Venstre er representert på Stortinget.
2. Arbeid i fylkesstyre
3. Engasjement lokalt
4. Forholdet til lokallaga
5. Påverke den sentrale politikken
6. Forholdet til Unge Venstre

1. Dra nytte av at Gunvald Ludvigsen er på Stortinget
Fremje saker vi er opptekne av.
Bindeledd mellom stortingsgruppa og fylkeslaget/lokallaga.
Vere ombod for folket i fylket.
Medverke til å synleggjere Gunvald Ludvigsen i media.

2. Arbeid i fylkesstyre
Halde jamnlege styremøte for å ta opp politiske saker i fylket, også saker som lokallaga melder.
Fellesmøte med fylkestingsgruppa.
Melde nytt frå styret og fylkestingsgruppa på heimesidene våre.
Diskusjonsforum på heimesidene for viktige saker som er oppe.
Få til ei spanande og informativ heimeside.
Styrkje studiearbeidet i fylkeslaget og lokallaga.

3. Engasjement lokalt
Delta på konferansar, i fylket og på landsbasis.
Gjennomføre samlingar for lokallag, for skulering og politisk arbeid.
Oppmode lokallag til å delta der politiske saker står på agendaen, t.d. ved å sende
observatørar eller utsendingar til Venstre sitt landsmøte.

4. Forholdet til lokallaga
God informasjon til lokallaga, og vera bindeledd til "den sentrale politikken".
Auke talet på lokale Venstrelag.
Medverke til å utvikle lokallaga og få fleire medlemmer i 2006.
Hjelpe lokallaga med å få til Unge Venstrelag.

5. Påverke den sentrale politikken i Venstre
Utvikle samarbeidet mellom fylkesstyret og VHO, ta med innspel begge vegar.
Markere Sogn og Fjordane på landsmøtet og elles passe på at ein finn att den sentrale politikken på det lokale plan.
Dra nytte av at Sogn og Fjordane har fått ein representant på Stortinget.

6. Forholdet til Unge Venstre
Støtte opp om Unge Venstre sitt arbeid generelt og arbeidet med å danne lokallag spesielt.
Trekke Unge Venstre aktivt med i nominasjons- og programarbeid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**