Gjennom politikken vår vil me verne om dine rettar som individ, samstundes som me tek omsyn til fellesskapen og dei som treng særskild hjelp. Det er derfor me kallar Venstre eit sosial-liberalt parti: mest mogleg personleg fridom, men med den avgrensing at det ikkje må gå ut over dei som er veikare enn oss – og som treng hjelp frå samfunnet: born og ungdom, eldre, menneske som fell utanom av ulike årsaker. Venstre har og eit sterkt engasjement for ein strengare og meir markant politikk innan natur- og miljøvern.
Velkomen som aktiv deltakar eller – om du periodevis ønskjer det – som passiv medlem. Me ønskjer inderleg at du kan bli medspelar på laget » kånns «. Då er du med på å styrkje dei sosial-liberale ideane i Bø – og på sikt på landsplanet.
TA DERFOR POLITISK ANSVAR – MELD DEG INN I BØ VENSTRE I DAG !