Kommunestyrerepresentantar:
Folkevalde
Dette er vår nye kommunestyregruppe på fire personar, sjå nedanfor. Olav Kasland er med i formannskapet med Ingebjørg Ørnulfsdotter Noredbø som vararepresentant. Sistnemnde er og medlem av Plan, teknisk og næringsutval. Sveinung Astad er nestleiar i Forliksrådet og med i Helse- og sosialutvalet. I Kultur, idrett og miljø har Hæge Straand Sunde vorte fast representant etter Kristina Riis Iden, som flytta frå Bø, med Per Espen Fjeld som vararepresentant. I Midt-Telemarksrådet er Olav Kasland med. Per Espen Fjeld er no medlem av Kontrollutvalet.
Sigurd Røiseland er medlem av Eldrerådet i Bø og Birger Risnes er medlem av Eigarlaget for Seljord folkehøgskule.