Venstres alternative statsbudsjett

Når Venstre i dag legg fram sitt alternative statsbudsjett, går partiet inn for å styrkja universitet, høgskule og forsking med ein milliard kroner. Det inneber at regjeringa sitt kutt i basisløyvingane blir retta opp. Dette skriv Stavanger Aftenblad i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


— Me vil også tilføra 20 millionar ekstra i forskingsmidlar til Universitetet i Stavanger, fortel stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim til Aftenbladet.
Venstre vil også bruka meir pengar på helserehabilitering, og foreslår 60 millionar kroner ekstra til dette i Helse Vest, som eit første og langt skritt på vegen mot å retta opp skeivfordelinga.

Les mer her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**