Gjerde får tilslutning frå Venstre sitt medlem i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, André N. Skjelstad. Dei er samde i at regjeringa sitt forslag om å belasta bedriftene ytterlegare for sjukefråvær, er svært skadeleg for bedrifts- og kommune-Norge.
Panikktiltak
– Dette er eit panikktiltak som går ut over bedriftene og verdiskapinga i Noreg, seier Gjerde og Skjelstad. – Regjeringa ser tydelegvis at ho ikkje klarer å innfri alle lovnadene sine. No sender dei rekninga til bedriftene for å finansiere lovnadene sine, seier dei.
– Dette er et slag i ansiktet på dei små- og mellomstore bedriftene og kommunene som er i ferd med å lukkast med å nå måla i IA-avtalen. Venstre er redd for at terskelen for at fleire skal få innpass i arbeidslivet vert heva betraktelig. Statsråd Hanssen sender no eit uheldig signal til arbeidsgjevarane, enten det er småbedriftene eller kommunane, hevder Andre Skjelstad.
Verdiskaping
– Dette illustrerer regjeringa si totale mangel på næringspolitikk og manglande forståing for verdiskaping, seier Gunn Berit Gjerde.
Venstre meiner dette er eit svært uheldig signal til bedriftseigarar og gründerar rundt om i landet. Regjeringa styrkar no inntrykket av ho ikkje vil prioritere næringspolitikk og tiltak for verdiskaping.
– Næringslivet og verdiskapinga har openbert inga talsperson i regjeringa. Dette bør næringsministeren trekke konsekvensen av og vurdere si stilling, seier Gunn Berit Gjerde.