Krisa kring lokalsjukehusa må løysast

– Vi må kome ut av den «nærkrigstilstanden» som fins rundt mange lokalsjukehus. Vi må få ei nasjonal avklaring om innhaldet i lokalsjukehusa, seier helsepolitisk talsmann i Venstre, Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Sjukehusreforma, med oppretting av dei regionale helseføretaka, skulle gje betre pasientbehandling og meir effektive sjukehus. Sjukehusa har vorte meir effektive, men blant lokalsjukehusa i Norge er det krisestemning: Tilbod vert lagde ned og det er underskot i drifta. Venstre og Gunvald Ludvigsen meiner det er naudsynt med eit krafttak for lokalsjukehusa.

Tilfeldig?
– I spelet kring lokalsjukehusa kan ein få inntrykk av at det er tilfeldig kva som rår. Det er jo nesten slik at styringa av sjukehusa er heilt utan mål og meining. Dette er stikk i strid med målsettinga med helsereforma og helseforetaka. Det er heilt naudsynt med ei total opprydding, tordnar Gunvald Ludvigsen.

– Det som bekymrar meg som lokalpolitikar og rikspolitikar, er at vi ser liknade situasjonar i heile landet vårt. Dette er ikke spesielt for Sogn og Fjordane og Nordfjord. Vi ser det på Røros, Helgeland og andre stader. Situasjonen i Sogn og Fjordane byrjar å nærme seg ei farse. Eg vil kalla det eit uverdig spel som skapar mykje usikkerheit blant pasientane og dei ansatte.

Klargjering
Den raudgrøne regjeringa har i Soria Moria-erklæringa sagt at ikkje eit einaste lokalsjukehus skal leggast ned.
– Men for å klare dette må vi bli samde om innhaldet i lokalsjukehusa, seier Ludvigsen. Han vil ta initiativ til ei klargjering av lokalsjukehusfunksjonane når nasjonal helseplan skal handsamast av Stortinget til hausten.

– Etter mi oppfatning må fullverdige lokalsjukehus ha akuttberedskap innan indremedisin, ortopedisk kirurgi og/eller generell kirurgi, fødetenester og anestesitilbod. I tillegg må det vere røntgen og laboratorietenester som minimum dekkjer trongen ved akuttbehandling, påpeikar Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**